– Skulkar gymmen på grunn av sopp

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skal ein gymsal vere slik? Her skal sunn ungdom vere i aktivitet! Når nokon unge ikkje kan ha gym fordi dei reagerer på soppen i gymsalen så bør det vere eit tydeleg teikn på at her må noko gjerast. Håpar nokre tek ansvar snarast… og då meiner eg ikkje berre å kutte bort deler av taket som er øydelagt pga sopp og fukt, men faktisk ta ansvar ordentleg og gjere noko drastisk. Sånn kan vi ikkje ha det! skriv ein innmeldar på Stem1209.no.

– Det er veldig, veldig dårlege forhold i dusjane og garderobeanlegga, vedgår rektor ved Vassmyra skole i Mandal, Alf Willy Vestergren. Han kjenner likevel ikkje til at elevar ikkje kan ha gym på grunn av fukt og soppskadar. Rektoren har éi gladmelding: Garderobane skal pussast opp – pengar er inne allereie på årets budsjett.

Treng oppussing for 28 milliardar
Det kan bli dyrt om alle skular skal fiksast på. 1707 rektorar har svart på spørsmål frå TV2 om i kva grad skulebygget har behov for renovering eller oppgradering. Så mykje som 73,6 prosent av rektorane svarar at dei har behov for oppgradering eller renovering.

Totalt reknar 1139 rektorar med at dei vil trenge 28,1 milliardar kroner dersom dei skulle totalrenovera skulebygga, ifølgje TV2.no.

Trugar helsa
Dårleg inneklima trugar helsa til både elevar og tilsette i skulen. Ein ny kontroll utført av Arbeidstilsynet viser at så mange som to av tre kommunar ikkje kontrollerer bygga godt nok. Andreas Borud, leiar i Elevorganisasjonen, kan fortelje om elevar som får vondt i hovudet av for dårleg luft og som får ryggproblem av dårlege bord og stolar utan høve til å bli tilpassa elevar i ulike storleikar.

– Vi skal ha eit skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Vi treng strengare tilsynsordningar for å sikra dette, seier Borud.

Send inn bilete til oss frå skulen der du bur!