Universitet i Tromsø kuttar ut trykte bøker

Som det første biblioteket i landet går Universitetsbibliotek i Tromsø inn for å kjøpe elektroniske bøker i staden for papirbøker.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ser at e-bøkene kjem. Det er ei sterk utvikling nå, kor mange av dei store forlaga tilbyr utgjevnader som e-bøker parallelt med vanlege bøker. Vi ønskjer å tilpasse oss og vi trur at dei elektroniske bøkene på sikt kjem til å erstatte dei trykte, seier spesialbibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Tromsø, Mona Magnussen, til Forskerforum.

Magnussen vil ikkje spekulere i kor fort trykte bøker blir heilt erstatta av elektroniske, men trur biblioteka står overfor ei framleis rivande utvikling.

– Det er vanskeleg å spå framtida, men du kan jo sjå på musikkbransjen kor fort det har gått der. Eg vil tru at vi kjem til å sjå ein sterk, men gradvis auke dei neste fem åra, seier ho.

Ikkje perm til perm
Magnussen meiner akademiske miljø er spesielt interesserte i å få bøker tilgjengeleg elektronisk fordi ein ikkje plent å ønskjer å lese bøkene frå perm til perm, men søkje om tema og omgrep ein ønskjer å lese om.

– Vi ser at måten ein leser fagbøker på er meir prega av «dip in and dip out». Ofte er det kapittel eller delar av litteraturen ein er ute etter og då er det bare å søkja seg fram til det, seier spesialbibliotekaren i Tromsø.

Eit stykke igjen i Oslo
Ved Universitetsbiblioteket i Oslo meiner direktør Bente R. Andreassen at det er eit stykke igjen til biblioteka vil føretrekkje digitale utgåver.

– Ei slik bastant avgjerd har vi ikkje tatt enno. Vi kjøper førebels både elektroniske og trykte bøker og vurderer undervegs. Vi ønskjer nok eit betre grunnlag for å ta ei slik avgjerd, seier Andreassen.

LES SAKA PÅ LNK.NO!