Det vil aller helst gå bra!

Peder Sjo Slettebø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein dag eg var på Unge Høgre sitt hovudkontor i Oslo, fann eg ein plakat frå eit par år tilbake. Der stod det: ”Unge Høyre tror verden går i riktig retning, at det kommer en bedre dag i morgen”. Etter 22.07 er det på tide å ta dette bodskapet fram igjen.

Dei siste åra har vore prega av framtidspessimisme. Etter terroren 11.09.01 var verda, naturleg nok, prega av frykt. Dei siste års klimadebatt har vore prega av dommedagsprofetiar som seier at dersom me ikkje gjer noko no, kjem det til å bli dommedagstilstandar grunna klimaendringar. I USA er det stadig sekter som fortel at dommedag er nær, og brukar store summar på å få alle andre til å forstå det.

Utan å sette nokon i bås med massemordar ABB, var også han prega av ein voldsom framtidspessimisme, og levde ut ein slags dommedagsfantasi. Dersom me ikkje gjorde noko for å hindra islamisering no, kom det til å bli dommedagsliknande tilstandar i Europa.

Han meinte det var nødvendig å starte ein krig i Europa.

Alle som seier at me ”må gjera noko no, før det er for seint” bør me vera skeptiske til.  For det betyr stort sett at dei meiner me skal gjera noko som er lite gjennomtenkt.

I disse dagar er verda i ferd med å bli kvitt ein av tidenes verste diktatorar, den libyske despoten Muammar al-Gadaffi. Demokrati og menneskerettar er på frammarsj verda over. Aldri før har det vore mindre krig og konflikt i verda. Aldri før har så mange menneske blitt løfta ut av fattigdom, og aldri før har den teknologiske utviklinga vore så til gavn for menneska. For eksempel har me aldri før hatt så miljøvennlege bilar og fly som me har no.

Det betyr ikkje at me skal vera tilfreds med det. Me har mykje å gå på når det gjeld utvikling av meir miljøvennleg teknologi. Poenget er berre at det går i veldig rett retning. Og det går stadig raskare i den retninga.

Dei eigentlege klimaskeptikarane er dei som trur at alt går gale dersom me ikkje gjer noko no. Eg trur heller me skal halda hovudet kaldt, og ta små steg i rett retning. Det er slik me så langt har oppnådd resultat på området.

Det same gjeld spørsmålet om innvandring. Det vil vera naivt å lukke augene for problem innvandring frå ikkje-vestlege land i enkelte tilfelle har medført. Men dei og må me løysa med små steg og gjennomtenkte tiltak, framfor å fable om at konfliktnivået kjem til å eskalere drastisk dersom me ikkje gjer noko no.

Det er ein song; eg trur det er Postgirobygget sin – som handlar om ein fyr som får stadige innkassokrav, og står i fare for å måtte pantsette hus og heim. Refrenget er som følgjer:

Men det er først på fredag, på fredag får vi se, men jeg kan bare slappe av, det vil jo aller helst gå bra.

Sånn er det med klima og konfliktar også. Det smell kanskje på fredag, men me skal berre slappe av, for lenge før det vil det nok aller helst gå bra.

Eller som det står i Bibelen: Uroa dykk ikkje for morgondagen, men lat morgondagen syta for seg sjølv.

I staden for å svartmale det som svartmalast kan, så lat oss heller løyse problema etterkvart som dei faktisk dukkar opp. Me må berre ha tru på kvarandre og bli einige om nokre overordna, felles mål. Det opplever eg at det er vilje til i Noreg no.

Dommedagsprofetane, enten det er amerikanske sekter, klimapessimistar eller ekstremistar av ymse slag; kan ha dommedagsprofetiane for seg sjølv. Me andre vil leve livet.