Dei i 20-åra er lukkelegast

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei i 20-åra er lukke- legast

– Særleg jenter har ein tendens til depresjon i 14-15 år alderen, men så går lukkekjensla oppover når dei rundar 18-19 år. 20-åra er nokre av dei beste åra vi har, fortel lukkeforskar Joar Vittersø ved Det helsevitskapelege fakultet, Universitetet i Tromsø til uit.no.

Vittersø har forska på lukke i mange år og har faktisk funne ut at viss ein ser bort frå faktorar som helse, familieforhold og inntekt, så byrjar vi å nærme oss 20-åringane si lukkekjensle når vi er i 70-åra.

– Når folk skal skildre seg sjølv, vil dei fleste kalle seg optimistar. Å vere positiv er det som blir oppfatta som politisk korrekt. Likevel viser forsking frå USA at lukka til kvinner har gått ned dei siste 40 åra.

Forskarane bak denne undersøkinga trur at nedgangen i lukkekjensle hos kvinner kan skuldast auka stress, fleire bekymringar og at kvinner no har fleire arenaer der dei både kan lukkast og mislukkast, fortel Vittersø.

Ulukkelege småbarnsforeldre
Sjølv om me seier at ungar er den største gåva, så viser det seg at småbarnsforeldre faktisk er mindre lukkeleg enn barnlause – spesielt når borna er små.

– Småbarnsforeldre er ikkje særleg lukkelege, trass i at dei hadde eit stort ynskje om å få born. Borna er viktige for dei, men foreldra føler mindre livstilfredsstilling etter at dei har fått born enn dei gjorde før. Årsaker kan vere stress, mange oppgåver, søvnmangel, trassalderen til ungane, bekymringar og det at dei må omprioritere livet sitt. Forsking viser at opplevingane ein har saman med eigne ungar heller ikkje er spesielt positive. Dei ligg omtrent på same nivå som å sitja på bussen til og frå jobben. Ting blir heldigvis betre når ungane blir eldre, så ein kan seie at borna er ein langtidsinvestering.

Dollarglis
Vittersø fortel at det er ein nokså stabil samanheng mellom lukke og inntekt. Jo større lommebok, di meir tilfreds med livet, men det finst ei øvre grense.

– I USA har ein funne ut at når ein passarar ei inntekt på 70-80.000 dollar i året, er det ikkje lenger nokon samanheng. Men når det gjeld den generelle lukkekjensla, så er det ikkje noko tak. Statistisk sett er det slik at jo meir du tener, di meir tilfreds er du med livet.
Ein stappfull bankkonto styrkjer òg sjølvkjensla vår.

Kva blir du glad av?