Slik vil dei engasjera på nett

Få unge deltek politisk på nett. Dette vil Førstevalget.no gjera noko med.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.


Ein ny rapport frå Institutt for Samfunnsforskning viser at politisk deltaking via sosiale medium er reservert ei temmeleg lita gruppe.


– Om lag halvparten av unge som brukar sosiale medium, brukar dei ikkje til politiske aktivitetar. Kring 10 prosent er veldig aktive, medan 40 prosent er aktive i nokon grad. Men vi ser at dersom ungdomane er politisk engasjerte offline, aukar engasjementet ved hjelp av sosiale medium, seier Signe Bock Segaard, som er ein av forskarane bak rapporten.

– Det er heller ikkje sånn at ungdom er polisk engasjerte online i staden for offline. Ungdom som er politiske aktive på nett har òg høg politisk interesse og er ressurssterke, påpeikar Segaard overfor samfunnsforskning.no.

Ho meiner likevel at sosiale media vil bli endå viktigare, og kan nå lenger ut.

Vil få fleire til å stemma
Berre cirka ein tredjedel av førstegongsveljarane nyttar stemmeretten.

Nettstaden Førstevalget.no tek mål av seg å auka valdeltakinga blant unge under 26 år. På nettstaden kan ungdom stemma på sine kandidatar.

I kvar kommune og i kvart fylke frontar kvart parti éin ungdomskandidat. På litt over ei veke har det kome inn over 12.000 stemmer desse, og dei har fått over 40.000 besøk til nettsida si.

LES OGSÅ: – Gi ekstra stemme til unge

Silje Herget er rådgjever i Melvær & Lien Idéentreprenør, selskapet som har utvikla sidene. Ho trur valet i år kan bli det første der sosiale media for alvor blir viktig i Noreg. Ho trur ein vil nå lenger ut enn dei som allereie er aktive:

– Fram til no ser det i alle fall slik ut. Det er eit veldig stort engasjement der ute, sjølv ikkje alle ungdommar tenkjer at spørsmåla dei omgjev seg til vanleg er politikk.

På framtida.no vil du kunne sjå dei siste nasjonale tala for kvart parti, og på Førstevalget.no kan du sjå statusen for kvart parti i kommunar og fylke. Herget seier ho synst det er spennande å sjå forskjellen mellom dei store byane.

– I Høgre-styrte Stavanger er det Raudt som no er største partiet blant ungdommane, fortel ho.

SV på topp
Venstre og Raudt gjer det ekstra godt på Førstevalget. Men Olav Magnus Linge, leiar i Sosialistisk Ungdom, er nøgd med at partiet hans, SV, er på topp i Noreg.

– Det er jo veldig gøy. Eg veit at veldig mange av folka våre mobiliserer på nett. Me treng mange nye kanalar å nå ut på, og dette er ein fin kanal å nå ut, seier han då Framtida.no møtte han i dag. Han meiner han ser ei endring i måten politikarane brukar sosiale media på.

– Tidlegare var det mange pressemeldingar på 140 teikn. Det som er positivt no er at ein brukar sosiale media meir deltakande.

Trur du sosiale media blir viktig i denne valkampen?