Ulykkeleg i det beste landet å bu i

Åse Bjorvatn
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av alle land i verda er Noreg det beste å bu i. Inga fare for å svelte, oppfølging frå helsestasjon, ikkje noko umiddelbar fare for krig på norsk jord og gratis utdanning. Ikkje mange får ei like god start på livet som norske barn. Likevel vil kvar tredje av oss bli psykisk sjuke før me er 17 år. Angst, depresjon og eteforstyrring har blitt ein del av kvardagen til mange.

Akkurat no er det 70 000 barn og unge som har bruk for behandling av psykisk liding. I tillegg kjem alle dei som slit, men er utan ein diagnose.  

Krava til å vere vellukka er massive. Me som er unge møter ei ikkje-uttala forventing om å meistre alt alltid. Topp karakterar. Topp trent. Topp kledd. Ei uutømmeleg liste over krav som ikkje går an å nå. Likevel ønskjer kvar tredje trettenåring å gå ned i vekt. Og fleire gutar døyr for eiga hand enn i trafikken. Har presset for å lukkast gjort oss ulykkelige?

Noko er iallefall gale. Noko må gjerast.

Me har bruk for eit samfunn som er romslegare. Eit samfunn med plass til deg og meg, sjølv om me ikkje er photoshop-perfekte. Det skjer ikkje av seg sjølv. Me har bruk for politikarar som vil kjempe for eit samfunn med rom for mangfald. Difor er eg stolt medlem av KrF. Me i KrF er villige til å kjempe for eit samfunn med plass til både deg og meg (med skavankane våre). Og me tar di og mi psykiske helse på alvor. Det er to måtar å gjere det på: førebyggje og behandle. KrF vil gjere begge.

Skulehelsetenesten har ei viktig rolle når det kjem til førebygging og behandling av psykisk liding. Difor må tenesta styrkast. KrF vil at helsesøster skal ha tid til deg når du har bruk for det. Om det er mobbing eller kjærleikssorg er ikkje så viktig. Men har du det leit på måndag, skal du sleppe å vente til fredag med å få hjelp. (Det er få VGS i Noreg der helsesøster har meir enn 60 sek per elev i veka. Kor mykje når du på eit minutt? Kan hende ete ein halv BigMac, men ikkje mykje debriefing!).  

I tillegg må me våge å leite i samfunnet etter kjelde til psykiske problem som eteforstyrring og låg sjølvkjensle. Her meiner eg reklamebransjen må ta mykje av skulda. Ei av tre jenter seier dei får dårlegare sjølvbilete av å sjå motereklame. Dette er bilete av anorektiske modellkroppar som er fiksa til det ukjennelege. KrF meiner desse bilete må merkast som retusjerte. Eit slikt merke kan vere eit symbol eller ei setning om at bilete er retusjert og ikkje gir rett inntrykk av utsjånaden til modellen.    

Av alle land i verda er Noreg det beste å bu i, men ikkje for alle. Difor hald KrF fram i kampen for eit betre samfunn. Og me gjer ikkje opp før med har nådd målet: eit samfunn med menneskeverdet i sentrum. Eit samfunn med rom for mangfald. Eit samfunn med rom for deg og for meg.