Satsar på ungdomane

Listetopp Jan Geir Solheim i Lærdal Senterparti meiner at ungdomssatsinga vil gje partiet ein positiv valvind i år.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er sopass heldige i partiet vårt, at me har ungdomar som er villige til å ta ansvar for å utforma framtida i kommunen vår. Det vil me stø opp om, og eg meiner det syner godt att på vallista vår denne gongen, seier Jan Geir Solheim.

Flest under 40
I perioden som no går mot slutten har Sp fem representantar i Lærdal kommunestyre. Ser ein på vallista for neste periode, er tre av dei fem første på lista godt under 40 år. Dette speglar seg også att lenger nedover på lista, slik at av dei 18 listekandidatane er ti under 40.

– Me har rekna litt på gjennomsnittsalderen på vallistene i Lærdal denne gongen. Vår eiga liste kjem ut med ein snittalder på 38 år, medan hjå dei to som ligg nærast oss, SV og Venstre, er snittalderen 48 år, seier Jan Geir Solheim.

Spranget til dei to andre partia som stiller til val i Lærdal i år, Høgre og Arbeidarpartiet, er enda nokre år meir; snittalderen hjå Høgre er 50 år, medan Ap sine kandidatar er i snitt 51 år.

Treng bustader
For fire år sidan gjekk Sp i Lærdal ut med brageløftet om at det skulle bli 501 fleire lærdøler i fireårsperioden. Gjeve at dei fekk makta, med Lars Petter Nesse som ordførar den gongen.

Dette løftet har på ingen måte slått til. Rett nok har partiet vore i posisjon, gjennom eit valteknisk samarbeid med Ap, slik at Nesse har vore varaordførar dei siste fire åra. Men lovnaden om over 500 nye lærdøler er framleis berre det den var i 2007; fagre lovnader.

Jan Geir Solheim fortel at det er fleire ting som må på plass, før ein kan venta tilflytting i noko mon.

– Det første, og kanskje største, problemet som må løysast, er bustadspørsmålet. Eg veit om fleire som seriøst har vurdert å flytta til Lærdal, men som har droppa det grunna problem med å skaffa seg bustad, seier han.

Han fortel at mange av dei utanlandske sesongarbeidarane i Lærdal godt kunne tenkt seg å busetja seg der, men at mangel på heilårs bustad, og heilårsjobb, stoggar dei.

LES OGSÅ: Ungdomsaksjon for lokalsjukehuset

Og jobbskaping er eit nytt stikkord for Solheim. Kommunen har Opplysningen 1881 og Sjukehuset, i tillegg til primærnæringa og dei kommunale arbeidsplassane.

I fleire år har både Opplysningen og sjukehuset vore arbeidsplassar med nedleggingsspøkjelset hengande over seg. Sjukehuset er ikkje so utsette lenger, men Opplysningen er det meir uvisse rundt.

– Det betyr at me må sjå oss om etter kvar det kan skapast ny næring. Eg trur at me må få skapt fleire arbeidsplassar basert på stamvegen som går tvers gjennom bygda vår, seier Jan Geir Solheim

Berekraft
– I tillegg må me få gjort det unike prosjektet berekraftig reiseliv om i arbeidsplassar, seier han.

Og Solheim meiner at satsinga innan reiselivet må retta seg mot heilårsturisme.

– Me har tilboda til dei som vil ha flotte opplevingar, vinter som sommar. No må me læra oss å selja desse tilboda, slik at me kan få arbeidsplassar. Og soleis leggja til rette for tilflytting, seier Jan Geir Solheim.

LES SAKA I SOGN AVIS!