Me står sterkare saman

Britt Mari Engeskar
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har vore ein hard og trist sumar. Ein sumar med mykje sorg og fortviling. Ein sumar ein aldri gløymer. Eg har ikkje ord som kan beskriva kva eg føler for dei forferdelege hendingane i Oslo og Utøya 22. juli. Eg har ikkje ord over kor stor medkjensla mi for alle ofre, pårørande og etterlatte er. Me har mista mange engasjerte, reflekterte og opplyste ungdommar. Ungdommar som kom til å vera framtidas partileiarar og sjefar – ungdommar som skulle styre samfunnet og forme det slik at Noreg blei eit endå betre land å leva i. Vårt vesle land har vorte angripe, og det er ei kjensle me ikkje har kjent på sidan andre verdskrig. Det er skummelt – veldig skummelt.

Eg har all forståing for at mange no har problem med å koma seg tilbake til kvardagen – for han er ikkje slik han var. At me har blitt frarøva så mange flotte ungdommar er ikkje noko eg kan beskriva med ord – berre tårer. Kjenslene av at det kan henda fleire terrorangrep ligg i bakhovudet til mange. Men tilbake til kvardagen må me. Mange av dagens ungdommar har skulestart rett rundt hjørnet – anten det er på vidaregåande eller universitet, høgskule eller folkehøgskule. Det er noko heilt nytt. For dei som flyttar er det ein endå større forandring. Ein flyttar til plassar som kanskje er litt meir kjende enn heimstaden. Kvardagen vert aldri den same, men eg oppfordrar alle til å prøve så godt ein kan. Sjølvsagt kan ein aldri gløyma kva som skjedde den skjebnesvangre dagen, og mange kjem til å vera merka og prega av dette resten av livet. Men prøv. Og viss du mista nokon du kjente – ta vare på minnene. Hugs at minnene kan vara evig. Sjølv om personen ikkje er tilstades fysisk, kan vedkommande leva vidare i minnet. Ein må læra seg å koma over den vonde tida, sjølv i ei omfattande sak som denne. Men det er feil å tvinga seg forbi sorga, forvirringa og alle tankane som borar seg gjennom hovudskallen.

Ein ting har slått meg etter hendingane 22.juli, og det er kor mykje kjærleik alle har vist. Sjølvsagt er handlingane til Behring Breivik sett på i forakt, men med alle dei vakre talane, alle blomane og orda som har blitt sagt etter eksplosjonen i Oslo og massakren på Utøya. Eg synest regelrett synd på dei menneska som brukar sine eigne liv til å gjera andre sitt liv til eit helvete, men mordaren har eg ikkje så veldig mykje sympati for. Dei handlingane han har gjennomført er sjuke, umenneskelege og absurde. For meg og sikkert mange andre symboliserer og illustrerer han vondskap – vondskap som Noregs befolkning har bekjempa med kjærleik. Alle ofra og pårørande er verkeleg sterke menneske. Mange bloggar har blitt oppretta der unge AUF-arar fortel om deira oppleving på Utøya – bloggar som eg oppfordrar alle til å lesa, som til dømes denne. Det er rørande og sterke historier. I tillegg kom eg over eit innlegg på Mariell Øyre sin blogg om “din fine sommar”, der ho har samla opp kommentarar frå leserane og laga eit innlegg om det. Det var ein kommentar der som rørte meg til tårer; “Å være pårørende og få lov til å hjelpe og være masse saman med min aller beste venninne, som overlevde Utøya.” Eg trur ikkje eg treng å seia meir.

Denne sumaren vart demokratiet vårt angripe av ein feig terrorist som valte hensynslaus vald framfor argumentasjon og politisk debatt. Ved kommune- og fylkestingvalet 12.september skal me slå tilbake og visa at demokratiet aldri lar seg knusa. Svaret er ikkje hat, men kjærleik. Lat oss visa slike tullingar som Behring Breivik at å knusa demokratiet ikkje går. Me må vera sterke, men det er det inga tvil om at me er – Me er sterkare saman.

Denne artikkelen blei først publisert i Mot til å meina-bloggen.