Utval: – Bygg 1500 studenthyblar kvart år

Studentar sigra i utvalet som har sett på bustadpolitikken for framtida.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utval: – Bygg 1500 student- hyblar kvart år

Bustadutvalet til regjeringa føreslo i torsdag eit kraftig løft i bygging av studentbustader frå dagens 1000 i året til minst 1500 nye studentbustader i året.

– Dette er ein stor siger for NSO og krava til studenten. Me har lenge kravd eit kraftig løft i bygging av studentboliger, og er veldig glad for at Boligutvalget støttar kravet vårt, seier leiar i NSO, Kim Kantardjiev.

15.000 studentar i kø
NSO forventar at regjeringa gjennomfører forslaget frå sitt eige utval og i 2012-budsjettet startar det løftet utvalsleiar Bjørn Arild Gram tilrådde under framlegginga av meldinga.

– I dag står 15.000 studentar i kø for å få ein studentbustad. Det er 2214 fleire enn i fjor. Med den årlege veksten i mengda studentar er det heilt naudsynt å skru opp tempoet i bygginga av studentbustader kraftig, og det hastar, seier Kantardjiev i ei pressemelding.

Studentbustader er først og fremst eit middel for lik rett til utdanning, uavhengig av økonomisk status og bustad. Men billege, ikkje-kommersielle bustader øyremerka for studentar bidreg òg til å lette presset i leiemarknaden for andre grupper, og er difor òg eit viktig boligpolitisk verkemiddel.

– Regjeringa har gjennom dei siste åra hatt ein klar strategi på bygging av studentbuliger, og no kjem kravet om eit ytterlegare løft – noko me trur og forventar regjeringa prioriterer for studentane. Dette er eit klart signal til regjeringa om at det er behov for ei auka satsing, avsluttar Kantardjiev.

– Fleire bør få høve til å eiga sin eigen heim.
Bustadutvalet tilrår at regjeringa held fram med å arbeida for at fleire kan eiga sin eigen bustad.

– Eg synest utvalet leverer spennande innspel, og eg likar særleg godt forslaget om at mange må få høve til å eiga sin eigen heim. Ein god bustad er avgjerande for å leva eit trygt og godt liv, og eg ser gjerne nærare på om det er mogleg å finna tiltak for at fleire kan eiga. Men me skal føra ein bustadpolitikk som famnar alle, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ho legg til at det er ei særleg oppgåve å hjelpa dei som treng det mest.

I innstillinga si kjem bustadutvalet med ei rekkje forslag til korleis samfunnet lettare kan nå måla i bustadpolitikken. Utvalet meiner at dei fleste her i landet bur godt og at bustadpolitikken jamt over har vore god. Samstundes meiner utvalet at det er mykje å henta gjennom ein meir aktiv kommunal bustadpolitikk, heiter det i pressmeldinga frå departementet.

– Utvalet blei utfordra på å sjå på situasjonen for ulike grupper vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det er gjort eit grundig arbeid, og det ligg mykje kunnskap i utgreiinga. Dette skal me ta med oss vidare i arbeidet med ei stortingsmelding om bustadpolitikken, seier Navarsete.
Utgreiinga blir no snart sendt ut på høyring.

Kva meiner du om bustadpolitikken? Bør styresmaktene gjera noko for at fleire skal få råd til å bu der dei vil?