Mange røystar via internett
Forsøksordninga med elektronisk val har fått ein sterk start. Nesten ni av ti førehandsrøyster i dei utvalde kommunane kjem via internett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ordninga er innført i ti kommunar ved årets kommune- og fylkestingsval. Målet er å få auka valdeltaking, og interessa så langt er større enn venta. Heile 88 prosent av førehandsrøystene i dei ti kommunane som er med i prøveordninga, er gitt elektronisk, skriv NRK.
– Eg trur nok at eg kan seie at det er komme fleire røyster enn me hadde håpa på. Det som er fint er at så langt ser det ut som om dei tekniske løysingane har fungert godt, seier statssekretær Dag-Henrik Sandbakken i Kommunal- og regionaldepartementet.
Bodø er ein av dei ti kommunane som prøver ut ordninga. Leiar av valstyret, varaordførar Kirsten Hasvoll (SV) håpar fleire ungdommar og innvandrarar vil stemme.
– Eg trur denne måten å stemme på vil passe desse gruppene godt, seier Hasvoll.
Dei andre kommunane som testar ut e-val er Bremanger, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Sandnes, Tynset, Vefsn og Ålesund.
Internettrøysting kjem i tillegg til det vanlege, papirbaserte valet.
Det vil berre vere mogleg å stemme elektronisk ved førehandsrøysting. (©NPK)