– Treng bustader berre for unge

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 18. august får regjeringa ei utgreiing om bustadpolitikken for framtida. Fleire undersøkingar viser at leigarar har dårlegare levekår enn eigarar. I dag er det kring ein av fem som leiger sin eigen bustad i staden for å eiga.

Innsatsen overfor vanskelegstilte på bustadmarknaden blir også kritisert av Riksrevisjonen. I ein forvaltningsrevisjon i 2008 blir det peika på manglar med den statlege styringa og den kommunale gjennomføringa av bustadpolitikken.

Harald Magnus Andressen i First Securities seier det er uforståeleg at det ikkje er større press mot bustadpolitikken. I eit intervju med Dagens Næringsliv i fjor sa han at det er behov for eit ungdomsopprør mot dei høge bustadprisane.

Student i by- og regionalplanlegging ved Universitetet for Miljø- og biovitskap, Tore Syvert Haga, meiner det må til breie grep for at bustadpolitikken skal bli meir sosial. I ein kronikk som Framtida.no publiserte i dag, meiner skriv han at det også må tiltak til som kjem ungdom med låge eller middels inntekter generelt til gode, ikkje berre målretta mot dei aller mest utsette som til dømes rusmisbrukarar.

Treng 15.000 fleire studentbustader
Nestleiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), Anne Marit Ringvold, er spent på kva utgreiinga vil leggja fram av forslag. Ho seier det er behov for auka bygging av studentbustader.

– Studentbustader er først og fremst ein måte å sikra alle lik rett til utdanning, uavhengig av økonomi, sosial status eller bustad. Men NSO forventar at utvalet legg vekt på at studentbustader òg er ein viktig del av bustadpolitikken, fordi det gjer at det finst gode, trygge bustader for studentar.

LES OGSÅ: Slik finn du deg plass å bu

– Studentar er i ein økonomisk vanskeleg situasjon, med låg inntekt. Det er òg viktig med studentbustader fordi det kan avlasta leigemarknaden for andre grupper og lette presset der, og kanskje bremse den enorme auken i leigeprisane. Me forventar at bustadutvalet påpeikar at det er for få bustader, og at det må byggjast 1500 nye studentbustader i året, og dessutan at staten tek ein større del av rekninga enn i dag, seier ho til Framtida.no.

Fleire kommunale bustader
– Kva bør regjeringa gjera for å byggja opp ein ikkje-kommersiell utleigemarknad liknande den ein kan finna i andre nordiske land?

– Det må byggjast fleire studentbustader. Det må finnast eigne bustader reservert for unge med låg inntekt og staten må stimulera til bygging av slike bustader, blant anna gjennom finansieringar frå Husbanken. Kommunane må ha låge husleiger og ikkje auke leiga i takt med auken i den private leigemarknaden, held Anne Marit Ringvold fast.

– Er det berre eit storbyproblem, eller er presset i bustadmarknaden òg problem for studentar i distrikta?

– Nei, på små stader kan det vere endå vanskelegare fordi det er så få hyblar og leilegheiter til leige. Behovet for studentbustader er like stort på små stader som store stader.

Kva meiner du skal til for at unge skal kunne klara seg betre i bustadmarknaden?