Jobbar med fleire bøker om 22/7

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samlaget hadde i dag si 144. haustlansering. Arrangementet starta med at Brit Biløden las Olav H. Hauges dikt Tunn is, som ei markering av hendingane 22.7. Forlagsdirektør Tom Skovdahl sa i sin presentason at Samlaget jobbar med fleire bokprosjekt knytta til 22.7. som vil bli offentleggjort seinare i haust.

Sylfest Lomheim presenterte sjølv si kommande bok Tale er gull, der han tek opp kva som skjer med oss når det fysiske, ansikt til ansikt-møtet, vert stadig marginalisert. Han påpeika at manuset på boka er skriven om etter 22.7. og vil ta opp i seg problemstillingar knytta til nettbruk og anonym debatt.

– Utan nettet hadde ikkje me opplevd den solidariteten og samhaldet etter 22. juli. Men utan internett hadde me heller ikkje opplevd denne terroren. Det er eit paradoks, sa Lomheim, og la til:

– Me lever litt farleg på 2000-talet. Utan velformulert pessimisme, så har ikkje optimistane nokon sjanse til å få rett.

Sju debutantar

Konstituert forlagssjef Anne Liv Tresselt presenterte haustens bøker, og viste filmklypp frå Få meg på, for faen og ferske Vaffelhjarte-klypp frå NRK. Forlaget lanserer sju debutantar denne hausten, fire som skriv for vaksne og tre som skriv for barn og unge.

Andre namn på lista er mellom anna Brit Bildøen, Ragnar Hovland, Jon Fosse, Sylfest Lomheim, Sigrun Slapgrad, Marit Eikemo og nestleiar i SV, Bård Vegar Solhjell. Hovland las sjølv frå boka si, Stille natt.

– Når ein er i min alder veit ein at ein ikkje kan tillata seg å ikkje skriva om alt. Boka handlar om evig jakt på kjærleik, om å mista nokon og å leva åleine, sa han.

Historisk
I september kjem ein ny, stor biografi om Hulda Garborg av Arnhild Skre og Idar Lind tek for seg kvinnene i Rinnanbanden. Mette Karlsvik har skrive ein original portrettroman om Björk og Island, og den kjende NRK-journalisten Marha Norheim er klar med nye essays om kunst, kritikk og litteratur.

I oktober kjem boka Statsfiende WikiLeaks av Der Spiegel-journalistane Marcel Rosenbach og Holger Stark som har fulgt Assange og WikiLeaksfolka tett i fleire år.

Forlaget kjem òg med ny utgåve av Maria Parrs populære bok Vaffelhjarte i samband med NRK BarneTVs nye serie basert på boka.