Fleire og fleire tek kreftvaksine

Åtte av ti jenter vel å ta vaksine mot livmorhalskreft, viser tal frå Folkehelseinstituttet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire og fleire tek kreft- vaksine

Vaksinen mot humant papillomavirus (HPV) vart innført som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet for jenter på sjuande klassetrinn frå hausten 2009.

Berre seks av ti jenter tok dei tre tilrådde dosane. Men på dei siste to åra, har fleire og fleire jenter innsett føremonene. Skepsisen er borte, og blant det siste kullet som fekk tilbodet, valte nesten åtte av ti jenter, 76 prosent, å takke ja til vaksinen.

– Me er fornøgd, men håpar for jentene si skuld at talet blir enda høgare, seier divisjonsdirektør Hanne Nøkleby ved FHI til Aftenposten.

Ho oppfattar Noreg som eit land med vaksinevennlege menneske.

– Det er meir enn 90 prosent oppslutning om det vanlege barnevaksinasjonsprogrammet. Av alle land i Vest-Europa er det vel berre Finland og Sverige som generelt har høgare vaksinasjonsdekning enn Noreg, seier Nøkleby.

Livmorhalskreft skuldast eit virus som blir overført seksuelt. For at vaksinen skal ha sikker effekt, bør den takast før seksuell debut. Nøkleby opplyser at det framleis manglar studiar som konkluderer med om tre dosar er nødvendig, eller om det held med berre ein eller to. Tilrådinga er difor førebels at tolv år gamle jenter får tilbod om tre dosar. (©NPK)