Norske hackarar hjelper politiet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Materialet gruppa har fått tilgang til har dei gjeve til frilansjournalisten Kjetil Stormark som laurdag overrekte materialet til politiet etter ønske frå hackarane sjølve, skriv Dagbladet.

Stormark har på oppdrag frå magasinet Plot følgt det norske og internasjonale hackermiljøet tett i fleire månader.

– Materialet eg har fått tilgang til, er av ein så sensitiv art at det er uforsvarleg å omtala det no, seier Stormark.

Han seier at det var naturleg for gruppa å bruka ein mellommann på grunn av faren for å bli identifisert. Initiativtakeren til Noria skal vera ein 17 år gammal gut som skal vera ein av dei fremste datahackarane i landet.

Politiadvokat Pål-Fredrik Hjort Kraby vil ikkje kommentera om politiet kjenner til e-postkontoane eller hackinga eller om dei har fått overlevert informasjonen som hackarane skal ha skaffa seg tilgang til. (©NPK)