Bestemmer nyhendebilete

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avgjer nyhende- bilete

Etter å ha jobba som reporter i NRK Dagsrevyen i nokre år, fekk Svein Ove Hansli tilbodet han ikkje kunne seie nei til. NRK ynskte nemleg at vinbyggjen skulle vere ein av Dagsrevyens sju vaktsjefar, som i realiteten vil seie redaktør for Noregs viktigaste nyheitssending.

Hadde ikkje journalistplanar
– Pappa, pappa eg har fått fisk, ropar dottera Tiril.

Svein Ove har teke med seg familien heim på ferie til Særensgrend, og då bladfyken tok turen innom stod fisketur på programmet.

– Her har eg fiska mykje opp i gjennom oppveksten, seier Svein Ove og ser utover Vinjevatn.

I Særensgrendi er han oppvaksen, men no bur han på Oslos beste vestkant. Kontrastane er store, men Svein Ove trivst begge stader.

– Oslo er ein mindre by enn det ein skulle tru. Eg trivst veldig godt i byen, men det er sjølvsagt veldig godt å kome heim att til Vinje i feriar, seier han.

Tilfeldigheitar skal ha ein del av æra for at Hansli er der han er no. Journalist hadde nemleg ikkje Svein Ove planar om å bli. Etter to år på folkehøgskule i Valdres, gjekk turen til Bergen der han studerte historie.

Der fekk han også jobb som annonseseljar i skimagasinet «Fri Flyt».

– Nokre kameratar av meg starta opp bladet, og etter kvart blei eg både medeigar og frilansar i «Fri Flyt». Då fekk eg også smaken på journalistyrket, og turen gjekk dermed vidare til Førde og Nynorsk mediesenter, fortel han.

På Nynorsk mediesenter får ein eit halvt års journalistisk opplæring, i tillegg til praksis i ein medieredaksjon. Då var det gjort. Svein Ove var inne i NRK systemet etter arbeid i både NRK P1 og NRK Sogn og Fjordane. Eit system han for all del ikkje vil ut av.

– NRK er ein kjempespennande arbeidsplass. Ein kan jobbe med så mykje forskjellig innanfor NRK. Moglegheitene er mange, seier han.

Tøff helg
Som vaktsjef i Dagsrevyen har Hansli mykje makt over det du ser på tv-sendinga klokka 19.00 kvar kveld.

– Saman med dei svært flinke medarbeidarane bestemmer me faktisk nyheitsbiletet i Noreg. Det er utruleg spennande å vere så tett innpå det som skjer, og få vere med og bestemme kva saker Dagsrevyen skal fokusere på, fortel Hansli.

Då tragedien ramma Noreg den 22. juli hadde han eigentleg ferie, og var i gang med flytting til eit nytt hus, då han høyrde det small i Oslo sentrum.

– Eg køyrde direkte på jobb då eg høyrde smellet. Då eg kom til Marienlyst visste eg ingenting om omfanget av eksplosjonen, og plutseleg hamna eg midt oppi det heile, fortel han om den dramatiske helga.

Det blei lange dagar på arbeid, då NRK sendte direkte døgnet rundt frå terrorangrepet.

– Me skjøna vel ikkje kor stort omfanget var før natt til laurdag. Då galdt det å vere profesjonell og fokusere på arbeidsoppgåvene. Ein kan ikkje la det gå innover seg personleg når ein skal formidle det forferdelege til resten av Noreg. Samstundes må ein sjå det menneskelege aspektet i saka. Det var ikkje lett å vere på jobb den helga, fortel vaktsjefen.

Nynorsk viktig
I tillegg til å ha jobba som reporter i Dagsrevyen og Dagsnytt i NRK P1, har den nynorskbevisste journalisten også laga dokumentar om Rom-folket.

– Det var veldig spennande å lage dokumentar, spesielt når eg gjorde så mykje sjølv både med filming og redigering, fortel han.

Svein Ove Hansli er nynorskmann på sin hals, og brukar nynorsk konsekvent på jobb.

– For meg som er frå Vest-Telemark er det heilt naturleg å bruke nynorsk i NRK. Det er litt vanskelegare å halde på vinje-dialekten, men eg prøvar så godt eg kan. Som vaktsjef passar eg også på at andre brukar språk riktig, og eg synest det er viktig at flest mogleg brukar nynorsk på skjermen, seier han.

Vaktsjefen sjefar over mange garva og erfarne journalistar i NRK, og 34-åringen er ein av dei yngste vaktsjefane.

– Det var litt spesielt i starten at det var eg som bestemte om Hans-Wilhelm Steinfeldts reporasje skulle på eller om Ingerid Stenvold kunne bruke akkurat den introduksjonen. Som regel er det eit luksusproblem for meg som er nøydd til å velje og kutte ut innslag frå dei svært flinke folka i NRK. Men eg skal innrømme at eg følte meg litt som junior i redaksjonen i byrjinga, smiler han.

Sjølv om han saknar det journalistiske arbeidet, stortrivst Svein Ove i vaktsjefstolen hos NRK,

– Etter å hatt jobben i to år snart kjenner eg at eg har blitt trygg på det eg gjer. Det er eit enormt «orkester» eg skal halde kontroll over, og det er ein utfordrande og spennande oppgåve. Eg har dagleg kontakt med utanriksreportarane våre, dei mange reportarane våre i Oslo og lokalkontora rundt om i landet. Det er ingen like dagar på jobb, seier Svein Ove fornøgd.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!