Turistane likar spreidd busetjing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gardar og hus spreidd nær nok til å vere ei bygd – men ikkje nært nok til å vere ein landsby, gjer Noreg til eit spennande og attraktivt mål for utanlandske turistar, seier forskar Bjørn Egil Flø til Nationen.

Han har mellom anna besøkt kommunane Vik i Sogn, Slidre i Valdres og Hadsel i Vesterålen og intervjua turistar om kulturlandskapet. Variasjon, fotefar og kontrast er orda som oppsummerer inntrykket av Bygde-Noreg.

– Denne stadige blandinga av opne jorde og skog, av høgfjell og fjøre og tette skift mellom vidder og bergvegger held turisten vaken og jamt interessert i landskapet, seier Flø.

Undersøkinga viser også at turistane ikkje er uroa over gjengroing av landskapet, tvert om trur dei at skogen er i ferd med å forsvinne. Det kjem av erfaringane dei har frå heimlandet, der landbruket ofte har fortrengt skogen. (©NPK)