– Folk vil ikkje ha eit lukka samfunn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ønskjer ikkje eit lukka samfunn. Og så langt har reaksjonen heldigvis vore stikk motsett. Eg får klemmar på gata, og folk takkar meg for jobben eg gjer som politikar. Det er overveldande og uvant. Eg merkar allereie eit opnare samfunn, og håpar at det vil vare, seier Hareide til NTB.

Han synest terrorhandlingane i Oslo og på Utøya på ein måte verkar uverkelege, sjølv om dei var høgst reelle og kravde 77 menneskeliv. KrF-leiaren var på ferie i Kroatia, eit land som i 1990-åra opplevde krig og massedrap, då han fekk den oppskakande beskjeden frå Noreg. Han rakk akkurat heim til gudstenesta søndag, to dagar etter det small.

Sjølvfølgje
– Det vi har tatt som ei sjølvfølgje i Noreg, demokratiet og levesettet vårt, blir verdsett på ein annan måte. Eg har aldri før opplevd sånne dagar i politikken. Ein del av dei tinga vi politikarar har sagt og gjort, blir litt små, sett i lys av kva som er skjedd, seier Hareide.

LES SISTE NYTT OM LOKALVALET HER!

Han legg til at det er som å få ein ny himmel over det kvar og ein driv med, og at det klargjer visjonane om korleis eit samla norsk folk vil ha det framover.

Hareide føler seg personleg tryggare enn nokon gong og har ikkje tenkt å endre vanane og oppgåvene sine som partileiar som følgje av angrepet mot regjeringskvartalet.

– Sikkerheit i politikken er som regel knytt til enkelte personar og posisjonar. Eg er ikkje blant dei som er mest utsett, og kjem heller ikkje til å snu livet opp ned, seier Hareide.

Kristen
Gjerningsmannen blir på fleire nettstader framstilt som ein kristen fundamentalist. Hareide synest han ikkje har noko med kristendommen å gjere i det heile teke.

– Han gjekk i ei politiuniform og sa han var politi. Han blir ikkje politimann av den grunn. Det denne personen har gjort, står så langt borte frå kristne verdiar som ein kan kome. Når ein gal mann snakkar, er det ingen grunn til å lytte, seier Hareide om drapsmannen sin kamp mot islamisering og utdanning av norske verdiar.

KrF-leiaren understrekar at definisjonen til drapsmannen av vestleg kultur og det å vere kristen, er uhaldbar og uakseptabel.

– I eit trusperspektiv er det heilt umuleg å finne noko som helst slags meining i det han har gjort. Dessutan har norsk kultur alltid vore prega av impulsar utanfrå. For tusen år sidan var det impulsar frå Midtausten som kom til Noreg og gjorde oss til den nasjonen vi er i dag. Du skal elske din neste, heiter det, og han kan godt vere muslim, seier Hareide.

QUIZ: KVA VEIT DU OM LOKALDEMOKRATIET?

Han meiner kyrkja har gjort ein formidabel innsats under desse svært utfordrande dagane.

– Den norske kyrkja har vist seg frå si beste side, seier leiaren i KrF.

Valet
Hareide trur valet i år blir svært spesielt, kanskje meir lokalt og lågmælt.

– Men demokratiet er styrkt, og vi vil sikkert også få friske debattar og høg temperatur. Eg trur det også blir politisk rom i valkampen til å snakke om verdiar og det som sameiner oss. For min del skal eg i alle fall snakke mest om det KrF vil gjennomføre, ikkje bruke tid på å angripe andre, seier Hareide.

Partileiaren synest forløpet av valkampen er uklart.

– Det blir å føle seg litt fram. Men eg trur på stor oppslutning og at kvardagspolitikken kan få eit løft. Mange føler at politikken faktisk betyr noko, seier Hareide. (©NPK)