Ting vi liker med dette samfunnet

Eg spurde vennene mine: Kva liker vi med dette samfunnet? Dette er noko av det dei svarte:

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stemmeretten.

Den lange ferien.

At engasjement er lovlig og blir verdsett.

At bussjåførane helser med handa når dei møtest i kvar si køyreretning.

At det farligaste på hytta er hoggorm.

Velferdssamfunnet.

At det er ok å vere homo.

At 20-åringar kan komme inn på Stortinget.

At det finst ein organisasjon der du høyrer heime, nesten uansett kor sær du er.

Den nye jenta i klassen.

Turistar.

Kulturstøtte.

Frisk luft.

At det fungerer, stort sett.

Den kommande veka på yr.no.

At eg ein gong overhøyrde landets statsminister presentere seg slik på ein fest: «Hei, jeg heter Jens, jeg er broren til Camilla.»

At politiet vanligvis ikkje har våpen.

Den sosiale mobiliteten.

At dei gamle damene i vallokalet minner om dei som ein gong var eksamensvaktene våre, som om dei kjem frå same plass.

Den kurdiske herrefrisøren min.

Å ta ein utepils og sjå ein statsråd gå forbi i sine eigne tankar.

Pappapermisjon.

At stortingspresidenten er skogsarbeidar.

At ein av visepresidentane er t-banesjåfør frå Pakistan.

Den kommunale kinoen.

Godt vatn.

At det er lov å ha teite meiningar.

At eg ein gong møtte Gro Harlem Brundtland i snow jogs i Rosenkrantz’ gate i Oslo.

At eg har lært å lese.

At folk med doble fornamn har det like artig på byen som folk med doble etternamn.

At det blir inngått kompromiss, slik at alle får det litt som dei vil heile tida, men ingen får det akkurat som dei vil heile tida.

Utsira og Rømskog.

Å sykle rundt i byen, når som helst, kvar som helst.

At vi kan seie, skrive, tenke og meine kva vi vil. Høgt.

At det er gratis å føde på sjukehus, sjølv om du må bli der i vekevis.

At folk trur at det nok blir fint vêr i fellesferien neste år.

Innvandrarar med dialekt.

At folk som er noko ikkje skal tru at dei er det.

At eg våknar kvar dag utan frykt, berre med dumme bekymringar.

Valkampar der toppolitikarar står i hovudgater og på torg, og om eg ønsker det kan eg gå rett bort til dei og slå av ein prat.

Hausten.

At frosen pizza er blitt ein nasjonalrett.

At hjerta er større enn vettet.

At valkampbodene ser ut som ein stand for Husfliden.

At ungane våre ikkje må gå gjennom ein metalldetektor før dei skal inn på skulen

Den norske ungdommen. Klokare enn vi veit.

At vi har barneombod.

At folk klagar på vêret, men så tek vi oss i det og blir litt flaue, fordi vi veit at vi har det så godt.

At 93% av nordmenn leste ei bok i fjor.

Hurtigruten.

Lik rett til utdanning.

At utanriksdepartementet kan ha kronprinsen som DJ på julebordet.

Den gylne middelvegen.

At vi trur vi kan bli betre menneske av å gå fort på ski.

At folk samlar seg umiddelbart når noko er himmelropande feil.

At kongen har humor.

At alle har same muligheit til å lykkast, ta utdanning og bli det ein vil, uavhengig av kjønn, økonomi og bakgrunn.

At det aldri er langt til havet.

At kardemommelova til tider er viktigare enn grunnlova.

At folk skjeller ut kvarandre i ein tv-debatt, og deler drosje heim etterpå.

At då nokon demonstrerte under homoparaden med plakatar om å hamne i helvete, så smilte paradedeltakarane til demonstrantane, vinka til dei og tok bilde av dei.

At folk blir glade kvar gong sola skin.

At Subhan Shafiq (19) kan seie dette i eit intervju: «Pappa sa: Når du forstår hva Davy Wathne sier, da kan du norsk».

Den trygge barnehagen.

At alle frivillige som kastar alt dei har i hendene og gjer kva som helst for å hjelpe når noko alvorlig skjer, er heilt vanlige menneske.

At nasjonaldagen blir feira med barnetog, barneleikar og skulekorps.

At det finst mange parti å stemme på.

At du får hjelp, og at det er gratis.

At ein kan få plass i kommunestyret sjølv om ein trur Youtube er eit hornorkester.

At politiske motsetningar stort sett er noko politikarar finn på for at dei skal ha noko å gjere.

At det er så god tilgang på masse flott natur at eg nesten når som helst kan komme i kontakt med ei raudstrupe.

At det stort sett alltid går eit tog.

Og for min eigen del kan eg legge til: At eg har venner som liker alt dette.

Denne teksten stod først på trykk i Aftenposten 31. juli.