Bøker om å leve med sorga
Litteratur, dikt og musikk er ein viktig del av sorgprosessen til mange som har hatt traumatiske opplevingar, kan Per Arne Dahl fortelje.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Etter ei traumatisk hending oppstår eit brot mellom orda og opplevingane våre. Opplevinga kan kjennast som ein taus skrekkfilm som køyrer rundt i vårt indre. Ved å tekste skrekkfilmen, blir det bygd ei bru mellom tankane og kjenslene våre, seier Dahl til NTB.
Som forfattar, prest og spaltist har Per Arne Dahl brei erfaring med sjelesorg og kriser.
– Ved å snakke om det som har skjedd, blir det muleg å lagre desse opplevingane på ein rolegare stad i medvitet vårt. Det trur eg litteratur, filmar, teater og gudstenester kan vere med på.
Vegen vidare
I samband med bomba i Oslo og skytinga på Utøya fredag, har Dahl gitt fleire råd til pårørande og dei som blei direkte ramma av terrorangrepet.
– I den akutte fasen rett etter noko slikt har skjedd, er det ingenting som kan erstatte det menneskelege nærværet og dei forteljingane som vi gir kvarandre mulegheit til å gjenta, seier Dahl.
Men også media si rolle som informasjonsformidlar, ulike minnestunder, rosetog og gudstenester hjelper dei berørte i sorga.
– Alle desse elementa er gode kjelder i den akutte fasen. Men så blir spørsmålet: kva no, kva skjer vidare, spør han.
Dikt og salmar
Med på vegen kan gode kulturopplevingar hjelpe dei etterlatne etter traumatiske opplevingar.
– Eg trur mange etter kvart tyr til litteraturen, etter at den akutte fasen er over, seier Dahl.
Og det treng nødvendigvis ikkje handle om sjølvhjelpsbøker, også skjønnlitteratur, dikt og salmar kan hjelpe dei som treng det, meiner han.
– Som Hans Børli seier, så handlar dikting om å finne små nok ord til store kjensler. Dette kan vere ei god hjelp for mange som slit med orda. Mange gode romanar gir også personleg gjenkjenning, seier Dahl.
– Vern om dei varme hjerta
Dahl er overvelda over hundretusenar av nordmenn som dei siste dagane har vist korleis kjærleik og samhald kan vekse ut av terroren.
– Vi har aldri opplevd eit så samla uttrykk for medansvar som no. Mengdene av roser og tente lys som vi har sett, seier noko om det beste i landet vårt, seier Dahl som håpar interessa vil vare.
– Ikkje la rosene visne. Ikkje la lysa sløkkje. Vern om dei varme hjerta. Vern om det gode naboskapet og gode vennskap. Sorga blir ikkje mindre sjølv om avisene skriv mindre om det som har skjedd. La oss vise kvaliteten på medansvaret vårt, seier han.
For det tek lengre tid å arbeide seg gjennom sorg og tap enn kva tålmodet vårt skulle ønske.
– Traumeforsking viser at dersom vi skal orke å gjere det nødvendige sorgarbeidet, må vi finne ein balanse mellom det å vere i sorg og det å oppsøkje glede og gode opplevingar. Dersom vi berre blir i sorga, så blir vi utslitne, seier Dahl som er prest på Stortinget og i Trefoldighetskirken. (©NPK)
Faktaboks
Her er bøker som prest og forfattar Per Arne Dahl anbefaler sørgjande å lese dersom dei har behov for det:
"Ung sorg. 14 unge om døden og livet videre"
Av Birgitte Gjestvang og Marit Slagsvold
Boka inneheld intervju med 14 unge menneske som har mista ein dei er glad i på grunn av sjukdom, ulykke eller sjølvmord. I siste kapittel i boka skriv psykolog Atle Dyregrov om sorgreaksjonar. Han gir råd til unge som har opplevd dødsfall, og til deira nærmaste.
– Dette er ei nydeleg, klok og god bok, seier Per Arne Dahl.
"Sommerlandet"
Av Eyvind Skeie
Historia handlar om eit barn som dør. Boka passar godt for barn og vaksne i møte med døden.
– Dette er ei forteljing om håp, og ei god og viktig bok, seier Per Arne Dahl.
"Den doble sorgen. Presten som mistet to barn og troen på gud"
Av Odd J. Eidner
Forfattaren skriv om å miste to barn. Etter at han følgde sitt andre barn i grava forsvann også trua på Gud. I same periode mista han også begge foreldra. Han skriv om korleis han takla så mykje sorg, korleis han opplevde at Gud også blei borte, og korleis han fann vegen vidare.
– Dette er ei veldig rørande og god bok frå ein prestekollega, seier Per Arne Dahl.
"Alt ble med ett så stille. Salmer og bønner i sorg"
Av Svein Ellingsen
Salmediktar og biletkunstnar Ellingsen kjem oss i møte med livets ord i dødsverda.
– Ellingsen har sjølv mista barn. Han har nokre fantastiske salmar, seier Per Arne Dahl.
"Trøste og bære. I livets motbakker"
Av Steinar Ekvik
Boka handlar om livet og døden, om unge og gamle, om sjølvrespekt og respekt for andre sine grenser. Korleis kan vi stille opp for kvarandre i motbakkane i livet? Steinar Ekvik er prest, forfattar og føredragshaldar.
– Dette er ei bok om sorg og sorgreaksjonar. Sorgarbeidet må vi dessverre gjere sjølv, men vi kan i alle fall få litt hjelp til å sjå kva vi ikkje bør gjere, og få hjelp til å bruke tid på sorgarbeidet, seier Per Arne Dahl.
Per Arne Dahl har sjølv skrive fleire bøker om sorg:
"Hva skal vi med stjerner nå? En fortelling om kjærlighet, sorg og resten av vårt liv"
Av Espen Olafsen og Per Arne Dahl
I denne boka fortel tidlegare Lyn-trenar Espen Olafsen om korleis han opplevde det då tsunamien trefte Khao Lak i Thailand 26. desember 2004. Olafsen og sonen Balder overlevde, mens kona Elfrid og dottera Frøya omkom.
"Å reise seg etter en rystelse"
Av Per Arne Dahl
Boka kjem i september og er ein oppfølgar av «Hva skal vi med stjerner nå». Ingen kan leve eit heilt liv utan å oppleve noko skakande. Ingen av oss har fast grunn under føtene, sjølv om vi ønskjer å ha kontrollen og skape oss eit godt liv. *Boka ser på korleis vi kan førebu oss på dei vanskelege dagane, og korleis vi skal takle det vanskelege som skjer.