Opnar for strengare straffar

Etter terrorangrepa vil justisminister Knut Storberget (Ap) ha ny vurdering av både straffenivået og metodane til politiet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Etter ei så dramatisk hending som råkar så mange menneske, må me vere rusta til å ha ein justispolitisk debatt der me ser på korleis lovverket og systemet er lagt opp, seier Storberget.

Midt oppi arbeidet med å skaffe nye lokale til Justisdepartementet som mista sine lokale i terrorangrepet, meiner han det er viktig å ta tak i dagsaktuelle problemstillingar, skriv Dagens Næringsliv.

– Det er ein debatt der ute om fengselsstraff og forvaring, vekslinga mellom dei to formene for straff, og ein debatt om straffelengd, seier justisministeren. (©NPK)

DEBATT: Kva synst du om å auka maksstraffa i Noreg?