Laga song til Viljar (17)

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiaren for Svalbard AUF, Viljar Hansen, ligg hardt skadd på Ullevål sykehus. Han er ein av dei mange offera for terroråtaket på Utøya.

Sigri Sandberg Meløy har laga songen «Jeg skal holde rundt deg og håpet» til Viljar Hanssen. Og då ho høyrte at Johannes Buø (14) frå Svalbard var sakna, då blei songen til han også – og til dei andre offera.

– Rart å bruke så store ord, men eg trur det er trong for dei no, det er no dei trengst. Og tårer trengst, og å halda rundt kvarandre – og håpet. Håpet om å finna dei sakna, håpet om at dei som er skada skal blir friske, håpet om ei framtid for dei som har mista sine, håpet om ei framtid for alle med litt meir kjærleik, litt mindre uvesentlegheiter, fundamentalisme, egoisme, seier Sigri Sandberg Meløy til db.no. Ho er journalist, og bur for tida på Svalbard for å skriva ei debattbok om klimaendringar for ungdom.

Oppteken av demokrati
Framtida.no trefte Viljar Hanssen då me var på reportasjetur der i vinter. Han snakka om demokrati, og at det var viktig at ungdom også fekk vera med å bestemma. Samstundes understreka han kor viktig det var at politikarane viste seg tilliten verdig. Sjølv var han leiar av ungdomsrådet, og representerte ungdom i lokalstyret.

Les Der ungdom får bestemma og Styrer ungdomshuset sjølv.

Gå til støttesida for Viljar Hanssen på Facebook!

Sjå musikkvideoen under. Svalbardbileta i videoen er tatt av Mari Tefre: