For alle døde kameratar
Vårt svar til vondskapen på Utøya og i Oslo er det same løftet som våre venner over heile verda har gjeve kvarandre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
”Bak hver som gikk i døden,
står tusener igjen.
Står tusen andre samlet
i steil og naken tross
Å, døde kamerater,
de kuer aldri oss.”
Inger Hagerup
Valden på Utøya og i Oslo er nærme oss alle. Det som har skjedd er uverkeleg. Vi får det ikkje til å stemme. Nokre av oss har mista menneske som står oss nær. Andre av oss menneske vi kjende. Arbeidarrørsla i Noreg har mista mange unge kameratar.
I det vonde finst det likevel noko vakkert. Folk i Noreg har svart på terror og vald med åpenheit og kjærleik. Med å slå ring kring folkestyret og fridommen til å organisere seg politisk. Også til vår organisasjon strøymer det rekordmange nye medlemmar desse dagane.
Vi har sørga over dei døde, og framleis er tankane våre hjå dei som står att. Men vi skuldar våre kameratar i AUF og alle dei som vart drepne fordi dei kjempa for eit betre samfunn meir enn tårer og minneord.
Vi skuldar dei å ta fatt på arbeidet med å organisere ungdom for rettvise og fridom med endå større kraft enn før.
Sosialistisk Ungdom skulle helde sommarleir på Utøya. Den har vi avlyst. Men det er vårt felles ansvar å møte høgreekstrem terror mot arbeidarrørsla med rask, effektiv og ubryteleg politisk organisering.
I eit levande folkestyre kan ikkje tilskodarbenken verte for full. Vi må alle delta. Vi har alle eit ansvar for at dei som angreip ideane og menneska på Utøya ikkje vinn gjennom. Vi har eit ansvar for å møte rasisme, frykt og hat.
Vi står saman no. Vårt svar til vondskapen på Utøya og i Oslo er det same løftet som våre venner over heile verda har gjeve kvarandre så altfor mange gangar før;
For alle døde kameratar, ikkje eitt minutts stillheit, men eit liv i kamp.