Urørtartistar lagar trøstesongar

Etter terroraksjonane fredag, er det fleire artistar som har laga eigne låtar som dei har lagt ut på Urørt-sidene til NRK.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Urørt- artistar lagar trøste- songar

– Musikk er ein fin måte å få folk til å stå saman. Den kan også virke roande, og få tankane litt vekk frå verkelegheita, seier Fredrik Hildrestand (19) i rapgruppa Warfare Legacy frå Haram på Sunnmøre til NRK.

Han kan fortelje at han får arbeidd seg gjennom eigne tankar om det som skjedde, ved å skrive musikk.

– Fleire seier dei blir rørt av songen, og at dei føler eg snakkar frå hjertet.

Låten til gruppa har dei valt å kalle «Norge i sorg». Andre Urørt-artistar har blant anna skrive låtar som: «Norge I Ruiner» (Kalt), «Bli med oss» (Rolffa), «Lullaby for Children of Norway» (Ictus Spei Gregorian Vocal Band), «Alle Trenger En Hånd» (Cyke) og «Et stort savn» (ElPiddo) (©NPK).

Sjå YouTube-videoen til Warfare Legacy under: