Norway Cup blir arrangert

Arrangøren av Norway Cup stadfestar at fotballturneringa blir gjennomført.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bækkelagets Sportsklub er arrangør av den internasjonale barne- og ungdomsturneringa i Oslo.

Norway Cup har fått politiløyve til å gjennomføre årets arrangement og har i tett samarbeid og dialog med offentlege styresmakter, Norges Idrettsforbund (NIF) og Norges Fotballforbund (NFF) avgjort å gjennomføre årets turnering.

Det var i helga usikkert om Norway Cup ville bli gjennomført etter massakren på Utøya og bombeeksplosjonen i Oslo sentrum.

– NIF vil i forståing med kulturministeren og AUF sin leiar tilråde at idrettsdelen av Norway Cup 2011 blir arrangert som planlagt. Det er vårt håp og ønske at idretten skal vere med å lindre sorg og til å normalisere kvardagen for barn og ungdom, lokalt, nasjonalt og internasjonalt, seier idrettspresident Børre Rognlien i ei pressemelding frå arrangøren.

Den fotballmessige delen av turneringa vil bli gjennomført som planlagt medan resten av programmet vil bli justert og tilpassa den spesielle situasjonen landet er i.

Arrangøren vil kome med fleire detaljar rundt programmet på ein pressekonferanse seinare i veka. (©NPK)