Heile Noreg i sorg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Justisdepartementet har oppmoda kommunane om å flagga på halv stang i dag, ei oppmoding Fylkesmannen har formidla vidare.

91 mennesker er stadfesta drepne i dei to hendingane i Oslo, 84 av dei er ungdomar på AUF sin ungdomsleir på Utøya. Der var det ungdomar frå heile landet samla, også frå Sogn og Fjordane.

Ein av desse, fylkesleiar Hanne Kristine Fridtun (20) frå Stryn er framleis sakna. Dei andre frå Sogn og Fjordane kom seg i tryggleik og skal ikkje vera skadde.

Kjetil Bergheim frå Florø, var ein av dei fire som var på Utøya. Attende i Florø fortel han til Nrk Sogn og Fjordane om dramatiske timar.

– Eg låg halvanna time i ei busk og gøymde meg medan eg høyrde skot, fortel Bergheim. Fred Ove Løftuft (16) gøymde seg saman med Bergheim.

Etter nær to timar i skjul fekk dei skyss av ein politibåt og kom seg i tryggleik.

Les heile saka i Sogn Avis!