– Eit uverkeleg mareritt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er eit mareritt som eg framleis håpar å vakna opp frå, sa Christina Nessa til Strandbuen laurdag ettermiddag.

Christina var blant dei 33 rogalendingane som deltok på AUF sin sommarleir på den idylliske Utøya i Tyrifjorden i Buskerud.

Heilt uverkeleg
Torsdag og fredag var det god stemning, sommar og sol, og sommarleiren var sommarens høgdepunkt for mange politisk interesserte ungdommar.

– Det gjekk så fort frå idyllen og eventyret til det uverkelege marerittet. Eg vart møtt av eit syn som eg aldri i mine villaste draumar skulle tru at eg nokon gong fekk sjå. Det var heilt uverkeleg, seier Christina, som er tydeleg prega av terroråtaket mot sommarleiren.

– Eg hugsar at me fekk beskjed om at det, i samband med det som hadde skjedd i Oslo, skulle koma politi med våpen for å sjekka om det var trygt på øya. Me tenkte sjølvsagt at dette var bra, men då politiet byrja å skyta kom folk springande og sa at me også måtte koma oss vekk. Først sprang me inn i skogen, der me prøvde å gøyma oss så godt som me kunne. Når me høyrde skota nærma seg, la me på sprang igjen. Folk var livredde og me visste ingenting, fortel Christina.

Etter kvart sprang Christina og nokre andre ungdommar ned til vasskanten, der dei gøymde seg i fjellsidene nede ved vatnet til nokon kom og plukka dei opp med båt.

– Eg tenkte lenge at det umogleg kunne vera slik, og det tok lang tid før det gjekk opp for oss at dette var ekte. Me sprang fram og tilbake og gøymde oss overalt. Det vart nokre lange timar, seier Christina.

Vil tilbake
Christina har vore engasjert i AUF i fleire år, og kjende mange av dei som var med på sommarleiren på Utøya. Dessutan var sommarleiren ein møteplass der ho vart kjend med endå fleire.

– Eg saknar framleis både gode vener og kjende som eg ikkje veit kor er. Så langt er dei fleste berre sakna, men eg kjenner også folk som er drepne, fortel Christina.

– Det er heilt ekstremt, legg ho tankefullt til.

Christina deltok også i AUF sin sommarleir på Utøya i fjor, og ho håpar at denne hendinga ikkje har øydelagt Utøya.

– Alle AUF-arar er veldig glade i Utøya, så eg håpar at Utøya ikkje er blitt øydelagt for oss. Eg vil i alle fall reisa tilbake, ikkje minst for å minnast dei som ikkje er her lenger, slår Christina fast.

Straks faren til Christina fekk vita om massakren på Utøya sette han seg i bilen og kjørte austover for å henta dottera si heim. I mellomtida hadde Christina kome trygt fram til Sunnvolden Hotel, staden der alle dei pårørande og uskadde frå Utøya samlast.

Fantastiske hjelparar
Christina er imponert over omtanken og hjelpa ho og dei andre ungdommane fekk då dei kom seg trygt i land.

– Folka stod overalt for å hjelpa til. Hjelpepersonell, politi og frivillige stilte opp på ein heilt fantastisk måte. Me fekk varme klede og drikke, og hjelpa kunne ikkje vore betre, konstaterer ho.

Reisa frå Hjelmeland var lang, så faren til Christina kom ikkje fram til Sunnvolden før i 2-tida om natta. Etter ei overnatting i Buskerud, starta turen heimover på laurdagen.

– Kva tankar har svirra i hovudet ditt på turen heimover?

– Det er så mange rare tankar. Eigentleg tenkjer eg berre på kor forferdeleg tragisk dette er, men eg greier mest ikkje å skjøna det sjølv. Hjernen min forstår tala over skada og drepne, men det går ikkje heilt opp for meg kva som eigentleg har skjedd, avsluttar Christina Nessa.

LES SAKA I STRANDBUEN!