Djupt sjokka over terroråtaket

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Djupt sjokka over terror- åtaket

 – Me er i djup sorg. Tankane mine går til alle i AUF og alle pårørande, seier Eskil Pedersen, leiaren av ungdomspartiet til Arbeidarpartiet på nettsidene deira seint fredag kveld.

Litt før klokka 15.30 ramma ei svært kraftig bombe regjeringskvartelet. Sju er stadfesta omkome etter eksplosjonen som også slo ut vindauge kring Youngstorget, Karl Johans gate og i VG-bygget lengre vekke.

Litt over ein time seinare byrja ein mann utkledd som politi å skyta rundt seg på sommarleiren til AUF på Utøya. Politiet stadfesta laurdag morgon at 84 er drepne på Utøya, men seier at talet er venta å stiga. Fleire er hardt skadde. Nær 700 ungdommar deltok på den tradisjonsrike sommarleiren. Tidlegare på dagen hadde Gro Harlem Brundtland vore der, medan statsminister Jens Stoltenberg var venta laurdag.

Pårørande kan ringe 81502800.

Fleire område av Oslo sentrum er evakuert etter åtaket. Politiet ber folk om å halde seg unna sentrumsområda, unngå store folkemengder og nytta mobiltelefon minst mogleg. Det er stadfesta at eksplosjonen var eit terrorangrep, men ein veit enno ikkje bakgrunnen for åtaket. Mannen som byrja å skyta rundt seg er pågripen av politiet. Det er ein norsk mann, kunne justisministeren stadfesta på ein pressekonferanse om kvelden.

Deltakarane på sommarleiren på Utøya blir evakuert til Sundvollen Hotell få kilometer unna.

Er du pårørande til nokon på Utøya, kan du ringe politiet i Nordre Buskerud på: 32 10 32 82 eller 32 10 32 78.

Faktaboks

På twitter er Utøya eit av dei mest brukte orda: