Nektar å betala skatt for frivillige

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nektar å betala frivillig- skatt

Det er bransjenettstaden Ballade.no som melder dette. Dei vil også at festivalarrangørar skal betale arbeidsgivaravgift for dei frivillige.

– Eit slikt regelverk tek knekken på godt initiativ og norsk dugnadskultur, seier Sveinung Sundli til VG Nett.

Musikaren har sjølv jobba som frivillig på fleire festivalar. I 2004 stifta han Storåsfestivalen, som har vorte Noreg sin nest største rockefestival. I dag driv han festivalen Vannspeilet.

– Det er typisk norsk å gjere det vanskeleg å vere kreativ. Her gjer ein det motsette av å motivere, og gir i staden unge menneske som vil gjere ein innsats eit uheldig møte med norsk byråkrati. Dette er heilt på trynet, og her bør ein gjere ei revurdering, seier han til nettavisen.

Men skatteetaten nektar å gi rom for særbehandling av festivalarrangørar, sjølv om det kanskje kan koste dei deira viktigaste arbeidskraft, skriv Ballade.no.

Huitfeldt vil stimulera til meir frivilligheit
Kulturminister Anniken Huitfeldt rykkjer i dag ut med ei pressemelding for å understreka at regjeringa vil stimulere til meir frivilligheit.

– Det bør vere så enkelt som mogleg både å vere frivillig og å bruka frivillige ved norske festivalar. Regjeringa ynskjer å stimulere til meir frivilligheit, og dersom dagens regelverk skapar problem for festivalane, er det naturleg at vi ser på det. Førebels er det ikkje nokre festivalar som har meldt inn dette som eit problem, men vi må sjå på dette når festivalsommaren er over, seier Anniken Huitfeldt.

Regelverket er slik at verdien av til dømes festivalpass og liknande som den frivillige mottek, i utgangspunktet er skattepliktig. Men det kan vere tilhøve som tilsier at slike naturalytingar ikkje skal verdsetjast til full verdi. Dersom festivalpass til dømes er naudsynt for at den frivillige skal kunne utføre oppgåvene sine, må dette takast med i vurderinga. Fri kost er heller ikkje skattepliktig for frivillige dersom dei ikkje mottek anna skattepliktig godtgjersle.

Kva synst du om skatt på fordelane som festival-frivillige får? Del meiningane dine i kommentarfeltet!