196 kilometer på eitt hjul

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei meir enn190 kilometrane det er frå øya utanfor Kristiansand til Vrådal blei unnagjort på tri dagar. Planen var eigentleg å kome i mål til familiens leilegheit i Vrådal på laurdag, men dei spreke gutane valde heller å bruke heile fredagen på sykkelen, og var framme før planen.

Smertefullt
– Det er utruleg godt å ha heile dagen til å slappe av etter ein så lang tur. Me har ganske vondt visse plassar no, ler dei to.

For avslapping det fortener gutane etter ein slik imponerande tur. Stuntet deira har fått merksemd landet rundt, med omtale både i VG og på NRK. Dette har dei to merka godt på si lange ferd.

– Mange har stoppa oss langs vegen og skrytt av innsatsen vår. Det verkar som om mange har fått med seg kva me var ute på gjennom media. To plassar fekk me også gratis middag og mange har helsa og tuta på oss, fortel gutane som er overvelda over den gode mottakinga dei har fått på turen.

Etter å ha overnatta den fyrste natta hos vener i Birkeland, sov dei to under open himmel i hengekøyer dei andre nettene. Fem mil om dagen hadde dei på sykkelen om, men fann etter kvart ut at det blei kjedeleg med for mykje pause.

– Det blei meir dautid enn det me hadde trudd, så då sykla me i staden for å keie oss, smiler Gøran Nielsen.

Det var kanskje av den grunn sørlendingane kom fram ein dag før planen. For på den siste dagen blei det ein svært lang etappe på 85 kilometer.

– Då sykla me nærmast heile dagen, og kom ikkje fram før 23 om kvelden til leilegheita vår ved skisenteret. Då var me forferdeleg slitne og hadde det ekstremt smertefullt, fortel Tommy Thomassen dagen etterpå.

Hadde kontroll
Ein skulle tru at ein sykkel med eitt hjul ikkje var det ideelle langs landevegen. Men Gøran Nielsen og Tommy Thomassen motbeviste dette, og fortel at det dei kom igjennom utan dei store uhella.

– Nokon fall hadde me, men det gjekk stort sett veldig bra. Litt skummelt var det sjølvsagt då dei store lastebilane køyrde forbi oss. Då kjende me det godt i sykkelen, fortel Thomassen.

I 3-4 år har dei to køyrd rundt på eitthjulssykkel heime på Flekkerøya. Men ein slik lang tur har dei aldri vore i nærleiken av.

– Ein må jo trø konstant, så det er ikkje rart det blir tungt. Men kontroll hadde me, sjølv om det blei vanskelegare å halde balansen dess meir slitne me blei, ler Gøran, og ser lurt på bort på turkameraten sin.

Gatebarn i Bolivia
Men det var ikkje berre for seg sjølv Nielsen og Thomassen gjennomførde den ekstreme turen. Målet med turen var å samle inn pengar til Strømmestiftelsen sitt gatebarnprosjekt i Bolivia. Difor oppretta gutane facebook gruppa «Vi tok utfordringen, og utfordrer deg!». I denne gruppa oppfordrast alle medlemmene til å gje 10 kroner per mil gutane sykla. Nielsen og Thomassen håpar at så mange som mogleg tek sin del av utfordringa, no som dei har gjennomført si.

– Viss alle dei som er medlemmer av gruppa no betalar, vil me kunne gje 80 000 til prosjektet til Strømmestiftinga. Det hadde vore utruleg moro, men me håpar framleis på meir, seier 17-åringane som fortel at gatebarna låg i tankane deira då dei sykla.

– Det gav jo absolutt ein ekstra motivasjon, meiner dei to elektrikarlærlingane.

Sjølv om dei to er einige om at dei hadde hatt ein utruleg bra tur, gav ikkje den lange turen på eitthjulsykkelen akkurat meirsmak.

– Akkurat no kunne eg ikkje tenkt meg å gjere noko slikt igjen. Eg trur me har fått nok av slike lange turar på eitthjulssykkelen. Det var nemleg ekstremt vondt å kome seg opp på sykkelen igjen etter å hatt pause, fortel Gøran som likevel ikkje utelukkar noko.

– Kanskje neste tur blir på to hjul?, ler dei to.

LES SAKA I VTB.NO!