Forskar med flaskepost

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I nærare fire år har Torbjørn Dale ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, sendt ut flaskepostar i fjordstraumen. Denne veka fekk han svar attende.

Som ein del av forskinga på havstraumar, har Dale og elevar ved høgskulen nytta ekskursjonar til å senda i veg flaskepostar.

10 kilometer i døgeret
–11. september 2009 blei ein av flaskepostane sendt frå Hella, og nyleg fekk eg ein tekstmelding frå Lavik om at den var funnen der. Det er vanskeleg å seia noko om hastigheita, men eg har rekna ut at dei truleg reiser 10 km i døgeret. Denne ferda skulle tå teke 10 til 20 dagar, med andre ord har den nok lege på land ei stund, forklarar Dale.

Til Svalbard
Dale forklarar om kompliserte havstraumar som gjer at ting flyt nordover og til høgre. Utifrå Coriolis kraft, bøygde havstraumar, har han rekna ut kor neste flaskepost kan bli oppdaga.

– Flaskeposten kan fylgja straumen nordover mot Finnmark, og enten ta vegen mot finnmarkskysten og kvitehavet, eller driva mot Svalbard. Teoretisk sett kan den derifrå halda fram mot Grønland. Det hadde vore utruleg morosamt å få ein telefon frå Svalbard, seier han og ler.

På matpapir
Dale innrømmer at det ligg ei litt barnsleg glede i flaskepostskrivinga, og påpeikar at det sikkert kan vera ein fin sommarkativitet for yngre. Han deler nokre lure råd til dei som sjølv vil prøva å senda flaskepost.

– Det er lurt å bruka blyant på matpapir. Dersom ein skriv med penn på vanleg papir vil truleg papiret gå i oppløysing og skrifta viskast ut så det heile blir uleseleg.

Det er viktig å tenkja på at flaska skal vera så tung at den driv med straumen og ikkje vinden, seier Dale.

– Tidlegare nytta ein glasflasker, men når ein brukar plast er det lurt å fylla dei med litt stein. Ideelt sett skal berre ein liten del av flaska vera synleg over vassflata. Også kan det vera lurt å hugsa navn og kontaktinformasjon.