Her trivst vgs-elevane best
Elevane på vidaregåande skule i Sogn og Fjordane har det betre enn andre stader i landet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her trivst vgs- elevane best
Elevundersøkinga i Sogn og Fjordane viser at elevane har ei positiv oppfatning av eigen skulekvardag og trivsel.
Scorar på arbeidsmiljø
I 2011 er det ei ekstra positiv utvikling på områda arbeidsmiljø og elevmedverknad.
– Det er særleg gledeleg at det er betring i høve elevane sin medverknad, seier fylkesdirektør Bekka Skaasheim i ei pressemelding.
Ho ser resultata i samanheng med aukande fokus på området elevmedverknad.
– Det er godt å sjå at tiltaka har effekt, seier ho.
Viktig elevrådsarbeid
I 2011 er det fleire elevar enn tidlegare som tykkjer at elevrådet gjer eit godt arbeid på skulen, og det er òg fleire elevar som meiner at skulen høyrer på forslag frå elevane.
På begge desse områda er elevane i Sogn og Fjordane meir nøgde enn landssnittet.
Nye skulebygg
I samband med undersøkinga blir det påpeika at mange nye bygg for dei vidaregåande skulane i fylket påverkar positivt.
Elevane er i 2011 meir nøgde med lufta i klasseromma, klasseromma elles, toaletta, garderobe og dusj, skulebygget og reinhald enn føregåande år. Elevane her i fylket er gjennomgåande meir tilfredse med arbeidsmiljøet enn elevane i landet under eitt, heiter det i pressemeldinga.
Elevundersøkinga er nettbasert og gjennomført mellom alle elevar i første klasse i dei vidaregåande skulane i landet.