Hjelp til barn som ikkje møter på skulen
Kvart år er det mange elevar som ikkje møter opp på skulen etter sommarferien. Skulane får no rettleiing i korleis dei skal handtere dette.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Når barna ikkje møter opp
Utdanningsdirektoratet har i samarbeid med Politidirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet utarbeidd eit rettleiingshefte til korleis skular skal møte problemstillinga med barn som ikkje kjem tilbake på skulen.
– Alle barn som er busett i Noreg, har rett og plikt til grunnskuleopplæring. Kommunane får her eit verktøy dei kan bruke dersom barn ikkje møter opp på skulen etter sommarferien, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV).
Rettleiingsheftet klargjer kva kommunen må gjere for å sørgje for at retten til offentleg grunnskuleopplæring er oppfylt, og det inneheld forslag til konkrete rutinar som skular og kommunar kan følgje.
Målet med rettleiinga er å bidra til at kommunane behandlar slike saker likt, og å sikre at barn i opplæringspliktig alder får oppfylt retten og plikta si til grunnskuleopplæring. (©NPK)