Kvinnesatsing i Forsvaret ikkje vellykka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje nok kvinner i Forsvaret

Frank Brundtland Steder frå Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) leier prosjektet «Forskning på årskull», som er ein del av Forsvarsdepartementet si satsing for å auke kvinnerekruttering. Han meiner minstekrava om fysisk styrke kjem i vegen for auka jenterekruttering.

– I 2010 mista Hærens befalsskule nesten halvparten av dei kvinnelege søkarane. I år ligg tapet på 15 av 57 kandidatar, seier Steder til Aftenposten. Den totale kvinnedelen i Forsvaret ligg i dag på 8,4 prosent.

LES OGSÅ: VIL HA FLEIRE KVINNELEGE SOLDATAR

Forsvarsminister Grete Faremo (Ap) synest likevel ikkje at måla bør senkast.

– Både internt og eksternt treng vi å bli minte om at vi ikkje har det mangfaldet Forsvaret treng. Det handlar om å få til eit best muleg forsvar, ikkje om øyremerking eller å stille svakare krav til kvinner, seier ho. (©NPK)

KVA MEINER DU MÅ TIL FOR Å FÅ FLEIRE KVINNER INN I FORSVARET? BRUK KOMMENTARFELTET!