Får ikkje leige plass å bu

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

19 000 unge i alderen 19 til 24 skuldar til saman 511 millionar kroner, fortel NA24. Og med ubetalt gjeld følgjer betalingsmerknader som kan få store konsekvensar. Mellom anna kan ein betalingsmerknad føre til at du ikkje får lån, telefonabonnement, forsikring eller andre tenester kor kreditten din blir sjekka først.

Googlar leigetakarane
For ungdom som vil leige bustad kan dette bli svært vanskeleg. Du må vise CV, søknad, referansar og ha ein betalingshistorikk som er utan lyte for å få leige. Har du betalingsmerknad, kan utleigar nekte å leige ut til deg. Både Uteliemeklaren og firmaet Leiebolig seier dei gjer ein kredittsjekk av leigetakarane, i tillegg til å krevje inn referansar. Leiebolig avviser ein tredjedel av sine mulege leigetakarar etter desse sjekkane samt ein generell sjekk på Google.

Leiar i Norsk studentorganisasjon, Kim Kantardjiev, er ikkje overtydd om at kredittsjekk er nødvendig. Han meiner depositum og referansar burde halde.

Auke
Ifølgje kredittopplysningsfirmaet Dun & Bradstreet har talet på folk med betalingsmerknader auka med 20 000 det siste året, og det er ein auke på meir enn 10 prosent. Det er den yngste og den eldste gruppa av folket som har størst auke.

KVA MEINER DU – SKAL EIN BETALINGSMERKNAD STENGE UNGDOM UTE FRÅ LEIGEMARKNADEN? BRUK KOMMENTARFELTET!

Faktaboks

Ein betalingsmerknad kan du få  etter ein uteståande inkassosak, personleg konkurs, gjeldsordning eller viss du sjølv bed om å bli sperra for kreditt. Betalingsmerkander forsvinn etter at du har gjort opp for deg eller etter nokre år.

Kjelde: Inkassoguiden.no