Færre unge heilt ledige

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette betyr at 1,9 prosent av unge under 19 år var heilt arbeidsledige i juni, medan 4,2 prosent av dei arbeidsføre i alderen 20 til 24 var heilt utan arbeid, viser tal frå NAV. Nedgangen i talet på unge heiltidsledige er størst blant gutane.

På landsbasis var 65 487 personar heilt utan arbeid ved utgangen av juni månad, og det er ein nedgang på 9 prosent frå same månaden i fjor. Talet på dei heilt arbeidsledige utgjer no 2,5 % av den totale arbeidsstyrken.

Den samla arbeidsløysa er framleis høgast innan bygg og anlegg (3,7 %) og innan industriarbeid og reiseliv og transport (3,6 %). Lågast arbeidsløyse er det innnan undervisning (1,0 %), ingeniør- og ikt-fag og blant leiarar (1,1 %). Arbeidsløysa har gått noko opp dei siste månadene, medan talet på utlyste stillingar har gått litt ned.