Varierte uttrykk på UKM-festivalen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Varierte uttrykk på UKM- festivalen

Laurdag braka UKM-festivalen laus i Trondheim. Blant mange hundre ungdommar som deltok med foto, skulpturar, installasjonar, teikningar eller måleri i fylkessamlingane kring i Noreg, er det vel 70 ungdommar som fekk koma til UKM-festivalen i Trondheim.

Her har dei fått delta i fleire workshopar, innan grafikk, ulike teknikkar innan biletkunst og kunstfoto og scenefoto.

– Eg håpar de lærer å sjå, og å bruka blyanten som måleverktøy, forklarar Vigdis Haugtrø. Ho er utdanna biletkunstnar, og held på med skulptur og teikning.

– Teikning handler om å sjå, og ikkje tolka det du ser. Det er lett å bruka det du veit frå før av, for eksempel at ein sykkel har bestemte former. Men det gjeld å berre godta det du ser uten å tenkja at det eigentleg er sånn eller sånn, held ho fram.