Skal byggja verdas høgaste legotårn
Legoland går for tårnrekord.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I Legoland ved Billund i Danmark skal barn og vaksne på fire dagar byggje det høgaste legotårnet i verda, skriv Midtjysk Ugeavis.
Tårnet er planlagt å slå verdsrekorden, som blei sett i april i Brasil. For at slå rekorden må tårnet vere høgare enn 31,19 meter. Vel 500.000 legoklossar går med i det danske rekordtårnet.
Både barn og vaksne kan frå den 28. juni vere med i bygginga, som vert avslutta den 1. juli.
Tårnet, som heiter Lego World Tower, vil bli bygt på eit fundament som måler omkring seks kvadratmeter. (©NPK)