– Kvifor ikkje regionalt ungdomsråd?

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvifor ikkje regionalt ungdoms- råd?

Det var ungdomsrådet på Gol som tok initiativ til satsinga. Det regionale ungdomsrådet  starta i januar 2010, og har representantar frå ungdomsråda i dei seks kommunane.

– Hallingdal har eit sterkt regionalt samarbeid, og vi meiner også ungdommen treng å uttale seg i saker som er viktige for heile regionen, fortel Tommy Haugen.

– Med to vidaregåande skuler, er det viktig at vi tenkjer saman og gjev ungdommane i Hallingdal ein felles arena, seier Tania Wikborg Thorset.

Fleire typar
Sjølv om ei viktig oppgåve for Hallingdal Ungdomsråd er å drive opplæring av ungdomsråda i regionen, er det svært viktig for dei å treffe alle typer ungdom.

– Det er viktig for oss å treffe dei som ikkje er del av sterke miljø som idrettslag eller religiøse gruppe, fortel Wikborg Thorset. Derfor skipar dei til felles arrangement, har arbeida for ”Trygt heim for ein femtilapp”, og dei har vore med å markert Verdsdagen for psykisk helse.

– ”Skummelt oppdrag” er det mest vellukka arrangementet vi har hatt. Då samla vi mellom 50 og 60 ungdommar som vart verkeleg skremde, seier Stein Olav Romslo.

– Ganske stor ytringsfridom
Seier ungdommane, og meiner dei kan seie det dei meiner i rådet. Dei føler dei har skipa eit ungdomsråd med stor takhøgd og god stemning.  

– Vi har alltid ein representant frå regionrådet med oss på møta, og det er med på å skape eit godt forhold til lokalpolitikarane våre, fortel Stein Olav Romslo.

– Eg har fleire av journalistane på telefonlista, seier Tania Wikborg Thorset, om kor viktig lokalavisa Hallingdølen er.
 
Slår valdrisane
På andre sida av fjellet ligg Hallingdal sin ”hovudkonkurrent”,  Valdres. Av seks kommune har berre halvparten oppegåande ungdomsråd. Resten har opphald, ungdomsråd å troppene eller ikkje nok midlar. Noko regionalt ungdomsråd har heller ikkje vorte drøfta.

– Eit regionalt ungdomsråd har ikkje vore noko tema, seier leiar i Valdresrådet Gro Lundby. Ho fortel at regionale saker har vorte handsama lokalt, og at ungdomsråda har hatt mest fokus på lokale saker som ungdomsklubbar.

– Eg meiner det er viktig å verte meir og meir regional i hovudet, så derfor er det nok viktig å drøfte lokale tema i samen, fortel Lundby. Ho lovar å ta opp spørsmålet om eit regionalt ungdomsråd på neste møte i Valdresrådet.

Ynskje
Ann-Tonje Huset er avtroppande leiar i ungdomsrådet i Etnedal, og har lenge ynskja seg eit regionalt ungdomsråd i Valdres.

– Vi valdrisar som sit i ungdomsråd møter kvarandre, gjennom Ungdommens Fylkesting i Oppland. Og eg trur vi hadde hatt godt av å få ungdommen i regionen meir saman, fortel ho.

LES MEIR OM KVA ANDRE UNGDOMSRÅD GJER!

Medan ungdomen i Valdres ynskjer seg eit regionalt ungdomsråd, tek hallingane fatt på nye oppgåve, deriblant tiltak for hybelbuarane i regionen og arbeid med ungdom og psykisk helse.

– Ein av dei viktigaste sakene for framtida, er korleis vi kan gjere Hallingdal til ein meir attraktiv region, seier ungdommane. Som meiner dei står mykje sterkare når dei uttalar seg om emnet saman.