Eller eit hån mot dei ikkje-truande?

28. mai spelte black metal-bandet Dimmu Borgir ein konsert saman med Kringkastingsorkesteret (KORK) og Schola Cantorum Choir i Oslo Spektrum. Dei same musikarane og koristane var også med på innspelinga av ablummet “Abrahadabra” som kom ut i fjor haust. Dette har vekka sterke kjensler hjå Kristeleg Folkeparti som nå går ut å seier at det er eit hån mot kristne. Er det det?

Sidan reformasjonen i 1536 har luthersk kristendom vore den dominerande religionen i Noreg. Likevel er black metal Noreg sin største eksportvare innanfor musikk. Innanfor metall-miljøet i verda er Noreg store innanfor “True Norwegian Black Metal”, på same linje som Sverige er kjent for death metal. Dimmu Borgir, som før vart sett på som eit black metal-band på 90-talet har dei siste åra godt litt vekk i frå sjangeren, og spelar litt meir symfonisk black metal. Dimmu Borgir er like kjent som A-ha internasjonalt, og er eit av dei mest kjente black metal-banda me har i Noreg, på lik linje som to band som fekk veldig mykje oppslag i “Satanist-saka” på 90-talet; Burzum og Mayhem.

Etter at det vart kjent at Dimmu Borgir sin konsert saman med KORK og SCC skulle bli vist på NRK TV, reagerte Rebekka Rossland. Ho er 20 år og 4.kandidat til bystyret for KrF og har reagert veldig kraftig på samarbeidet. Ho siktar spesielt til tekstane frå Dimmu Borgir sitt album “Stormblåst” som fyrst kom ut i 1996 og vart gjenngitt i 2005. Spor sju på Stormblåst heiter “Antikrist” og inneheld blant anna følgjande tekst: “Hogg hodet av hver kristen og voldta deres kvinner og barn. Hvert kristenkors du finner skal du vende om. Hver en bygning som bærer guds navn skal brenne. Hver en kristenmannsgrav skal vi skjende.”

I følgje orkestersjef i KORK, Rolf Lennart Stensø, vurderte faktisk KORK å droppa samarbeidet, fordi dei fekk presentert nokre av tekstane frå songane til Dimmu Borgir frå dette albummet. Stensø seier vidare at dei har diskutert dette med black metal-bandet, som ga KORK forsikring om at dette var tankar og haldningar dei no tar avstand frå. Når det er sagt, er dette ikkje godt nok for Rossland. Ho seier blant anna til byavisen.no at; “Det er hån mot kristne når Kringkastingsorkestret nå samarbeider med Dimmu Borgir. Kringskastingsorkesteret bør si opp samarbeidet med en gang. Det nytter ikke skylde på at tekstene til Dimmu Borgir er gamle, når de senest i 2005 gav ut de samme låtene på nytt. Bandet virker fullt komfortable med å promotere disse ekstreme tekstene.” Vidare fortel ho at ho finn det problematisk sidan det er NRK sitt orkester som har gått inn i samarbeidet. Ho forsetter med; “–Vi betaler lisens til NRK og til Kringkastingsorkestret og da bør de ha en viss standard. På deres egen hjemmeside skryter de av å være «ditt og mitt orkester». Men jeg ønsker ikke at «mitt» orkester skal promotere satanrock og drap og voldtekt av kristne.” Men likevel ser ikkje orkestersjef Stenø ikkje eit problem med dette, fordi KORK har eit ansvar for å kjøre ei brei linje og nå ut til alle interessegrupper, også dei som likar black metal. Han fortset med at det ikkje har vore annleis å spela med Oslo-bandet enn å spela med Saudabuen Bjørn Eidsvåg eller Vamp frå Haugesund. Han seier at artistane i Dimmu Borgir er gode musikarar som det har vore storarta å spela med.

No skal ikkje eg legga skjul på kva side eg er på, for eg er ein stor entusiast og ivrig lyttar av norsk black metal og metal generelt. Eigentleg så ser eg ikkje heilt problemet, men dette er det visstnok berre KrF som gjer òg. Det er ingen andre parti som har reagert noko spesielt på dette, og det verkar som at KrF berre ynskjer å halda Noreg slik som Noreg har vore i alle år. Kva er problemet med å skilla mellom det som er uttrykk og det som er handling. For det er ganske mykje grov sjikane i samfunnet den dag i dag, som er basert på til dømes kunst eller humor som mange syns er heilt greitt. Det er på ein måte greitt å syngja ein song om å brenna ei kyrkje, men det er ikkje greitt å brenna ei kyrkje. I mine auge vert akkurat på same måte som at ein forfattar skriver om eit drap, vedkommande er ikkje nødvendigvis ein mordar sjølv. Korleis kan det koma som ei overrasking at “Satan-rock” ikkje akkurat heidrar kristendommen?

Eg ser ikkje heilt kvifor det er så dramatisk at KORK spelar med Dimmu Borgir. Er det ikkje flott med litt variasjon i vårt kulturelle liv? Har KrF blitt for gammaldagse og umoderne? Kvifor halda igjen når ein kan eksperimentera? Eller hadde det kanskje vore betre for Rebekka Rossland og resten av KrF viss det hadde vore eit white metal-band (kristen metall) som spelte saman med Kringkastingsorkesteret? Hadde det vore konservativt nok ? Lukk øyrene og augene Rossland, så skal du sjå det går fint! Tru det eller ei, men det er faktisk ein stor del menneske som elskar black metal, og å slå ned påd et ville vore som å slått ned på ein delkultur av samfunnet vårt. Black metal-tilhengjerar treng ikkje å vera satanistar som drar rundt å valdtek kristne. Me lever i 2011 – ha litt tru på den delen av folket som vel å ikkje tru på ein Gud.

KORK må gjerne vera mitt orkester – for dette samarbeidet meinar eg er svært så fascinerande og stilig.

Dette blogginnlegget blei først publisert i Mot til å meina-bloggen!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

Kommentarar

ANNONSE