Brage Johansen frå Sola vann i dag konkurransen “Bli med og bygg på Mars”.

mm
Faktaboks

Finalistane i konkurransen
Cecilie Koch, 31 år, Trondheim
Jonas Krogh Læret, 22 år, Tønsberg
Brage Johansen, 39 år, Sola
Jon E A Lund, 21 år, Blommenholm
Geir Lunde, 56 år, Gjettum

LES FAKTALUKK FAKTA

I dag kåra ein jury vinnaren av konkurransen “Bli med og bygg på Mars”. Konkurransen har hatt til hensikt å styrkja interessa for ingeniørfag.

Grunngjevinga til juryen: “Brage Johansen har vektlagt ei heilskapleg løysing der livskvalitet og økologi er viktige element. Samspelet mellom menneske og alle teknologiske løysingar er godt tatt vare på. Vinnaren har teke utgangspunkt i eit terraforma Mars. Bidraget er visjonært, futuristisk, realfagorientert og pedagogisk lagt fram. Vinnaren presenterte forslaget sitt leikande, fascinerande og underholdande.”

– Vinnaren er kåra og kan no sjå fram til ein historisk tur i verdensrommet. Gjennom konkurransen “Bli med og byggje på Mars” håpar me at fleire skal få auga opp for alle dei spennande oppgåvene som ingeniørfaget kan by på, seier Pål Egil Rønn, konsernsjef i entreprenør- og industrikonsernet AF Gruppen som står bak konkurransen.

Juniorvinnarar
Klasse 6b ved Røyneberg Skule frå Sola mottok i dag iPadar til heile skuleklassa som vinnarar av junioroppgaven av “Bli med og bygg på Mars”. iPad fekk òg Henrik Elias Berbom og Helge Tonga frå Stathelle i Telemark som vann i individuell klasse.

– Juryen vil gratulere klasse 6B ved Røyneberg skule og Henrik Elias Berbom og Helge Tonga som vinnarar av junioroppgaven i “Bli med og bygg på Mars”. Me er imponert over både innhald og løysing desse oppgåvene representerer. Me har motteke mange flotte bidrag til junioroppgaven korav fleire vart utstilt under dagens kåring. Me håpar konkurransen har vekt interessa blant fleire unge til å velja naturvitskapelege fag, seier Pål Egil Rønn, konsernsjef i AF Gruppen i ei pressemelding.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE