Noreg fekk diplom for klimamål

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag vart Noreg tildent eit diplom frå ungdomsnettverket YOUNGO som Natur og Ungdom er ein del av gjennom Young Friends of the Earth. Grunngjevinga for tildelinga er Noregs klimamål. Natur og Ungdom meiner Noreg fortener honnør for utslippsmålene, men er redd tildelingen skjer på feil grunnlag dersom regjeringa no vurderer å setje ned måla.

Målsetninga til Noreg er 30 prosent kutt innan 2020. 20 prosent kutt er planlagt på heimebane. Ifølgje klimapanel til FN må rike land som Noreg kutte opp mot 40 prosent innan 2020, skal ein klare å hindre farlege klimaendringar.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

– Noreg er blant dei meir progressive landa i klimaforhandlingene, og fortener honnør for det. Likevel har vi eit aukande truverdeproblem så lenge norske klimagassutslepp held fram med å auke, seier Tage Erlend Tellnes frå Natur og Ungdom, som er i Bonn for å følgje forhandlingane.

Legg merke til Noreg
Kva som skjer i Noreg har i stor grad vorte lagt merke til her i Bonn. LO-leiar Roar Flåthens utspel i forrige veke, der han kritiserte utsleppsmåla og nærmast snudde ryggen til klimaforliket, har vorte diskutert og spreidd gjennom nyhetsbrev på forhandlingane, ifølgje Tellnes.

– Rykta om at Noreg kan kome til å gå tilbake på eigne utsleppsmål, vekkjer oppsikt og bekymring i Bonn, der rike land opptrer ekstremt defensivt. Prisen Noreg er tildelt vil bli gjeve på feil grunnlag dersom måla blir sett ned.

LES OGSÅ: 42 millionar på flukt frå naturkatastrofar

YOUNGO er ei samling av alle ungdomsorganisasjonane som er tilstades på klimaforhandlingane, og jobbar med å halde kontakt med klimasekretariat til FN, spreie informasjon heim til organisasjonane sine og gjennomføre markeringer på forhandlingane.

– Hastar
Mellomforhandlingene i Bonn er det siste forhandlingsmøtet før klimatoppmøtet i Bonn i desember, der ein bindande klimaavtale må kome på plass. Det blir diskutert om det skal vere eitt til mellomforhandlingsmøte i haust, men det er enno ikkje avklart.

– Det hastar meir og meir å få til ei avtale som kan klimagassutsleppa. Ifølgje klimapanelet må utsleppa byrje å gå nedover innan 2015 skal vi klare å hindre ei temperaturauke på over to grader.