– Ei god framtid er CO2-negativ

Klart for CO2-negativt anlegg for mat, vatn og rein energi som skal gjera ørkenen grøn.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei god framtid er CO2- negativ

 Teknologien kan hjelpa verda ut av klimakrisa med karbonnegative løysingar. Det er bodskapen frå ein internasjonal klimakonferanse som markerer 25-årsdagen til miljøstiftinga Bellona.

Den karbonnegative løysinga Bellona har jobba mest med er kombinasjonen av berekraftig biomasse og CO2-handtering. Biomasse trekkjer til seg CO2 medan han veks og viss biomassen blir brukt i eit kraftverk der CO2-utsleppa blir fanga og lagra trygt, vil ein produsera karbonnegativ energi. Energien er ikkje berre utslippsfri, den sørgjer for at utsleppa går i minus.

Tim Dixon frå Det internasjonale energibyrået (IEA) sa på konferansen at det er fullt mogleg å fjerna tre milliardar tonn CO2 frå atmosfæren. Det tilsvarar heile ti prosent av dei årlege utsleppa i verda.

Skal gjera energien og ørkenen grøn
På konferansen blei det kjent at gjødselprodusentane Yara og Qafco skal bidra til Sahara Forest Project i Qatar. Prosjektet har mål om å visa veg inn i det karbonnegative samfunnet. Ved å kombinera ulike eksisterande teknologiar i eitt system skal prosjektet kombinera sollys, ørkenområde og sjøvatn for å produsera mat, vatn og energi.

LES OGSÅ: Slik kan Noreg bruka sola meir

– Verda må produsera meir mat, men med lågare klimagassutslipp og meir effektiv bruk av vatn, jord og gjødsel. Dette er eit verkeleg visjonært prosjekt som er nært knytta til det me jobbar med. Prosjektet søkjer å bidra til å løysa nokre av dei mest krevjande utfordringane verda står overfor, seier konsernsjef i Yara International, Ole Jørgen Haslestad i ei pressemelding

– Må bruka alle gode våpen
For berre nokre veker sidan presenterte IEA tal som viser at utsleppa aldri har vore større før. Dei globale klimautsleppa hadde auka med 1,6 gigatonn det siste året.

Klimasjefen til FN, Christiana Figureres, innleia klimakonferansen i Bonn sist veke med å seia at det er trong for teknologiar for å suga CO2 frå atmosfæren.

PRØV DEG PÅ KLIMAQUIZEN VÅR!

– Karbonnegative løysingar betyr ikkje at me kan slappa av på andre frontar, men så skremmande som scenarioene for klimaet er no, må me bruka alle gode våpen, seier leiar i Bellona Frederic Hauge.

Kva trur du kan vera gode verkemiddel mot klimautsleppa?