Facebook-bruken flatar ut

Framtida
Publisert
Oppdatert 07.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Facebook- bruken flatar ut

Dei to siste månadene har talet på norske Facebook-brukarar som har vore aktive siste månad, gått ned med over 100.000, skriv Aftenposten.

Samstundes er det kome meldingar om at talet på Facebook-brukarar i USA fall med heile seks millionar i mai. Selskapet sjølv meiner at desse tala ikkje kan vere rette, skriv nyheitsbyrået AFP.

Grense i hjernen?
Forskarar og nettvitarar kranglar om årsaka til nedgangen. Amerikanske og italienske forskarar meiner å ha funne ut at det er ei biologisk grense i hjernen for kor mykje vi menneske kan få ut av sosiale media.

Undersøkingar har vist at vi berre kan ha stabile sosiale relasjonar med mellom 100 og 200 personar. Med ei venneliste på fleire hundre eller til og med fleire tusen, kan oppgåva med å halde seg orientert og aktiv på nettstader som Facebook rett og slett bli for mykje.

– Er vorte meir kjedeleg
Førsteamanuensis Gunn Enli ved Universitetet i Oslo har forska på Facebook og andre sosiale media og synest sjølv at Facebook rett og slett er vorte meir kjedeleg.

– Paradoksalt nok er den aukande storleiken eit problem. Litt av poenget er jo å ha mange venner, men det fører til at kommunikasjonen blir mindre personleg, mindre spenstig og mindre ærleg. Facebook er ikkje nokon fristad lenger. Når ein vernar seg, blir kommunikasjonen kjedeleg. Det er endå ei viktig årsak til at bruken går ned, seier Enli, og peikar på at Facebook manglar private rom.

– Toppen ikkje nådd
Kommunikasjonsrådgjevar Øyvind Solstad i mediebyrået Carat trur ikkje Facebook har nådd toppen enno, og meiner det gode vêret i april og mai kan vere med på å forklare tilbakegangen.

I Noreg brukar nærare 2,5 millionar nordmenn Facebook. Solstad meiner veksten vil stoppe på rundt 3 millionar brukarar. (©NPK)

Kva synst du om Facebook? Trur du folk vil flykta frå Facebook til andre tenester, slik dei flykta frå Nettby?