Strøymer til USA og Australia

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Berlin er den perfekte studentbyen, både når det kjem til studiekvalitet og anna som høyrer studentlivet til, slår Kjartan Oppedal fast.

Masterstudenten ved Universitetet i Bergen (UiB) har i løpet av studietida hatt tid til to utvekslingsopphold i Tyskland, og fått eit godt innblikk i tysk språk og kultur. Han er ein av få.

Studvest har undersøkt kor studentar frå dei tre største utdanningsinstitusjonane i Bergen reiste på utveksling i 2010. Og tala er klare: Nærare kvar tredje utvekslingsstudent reiste til USA eller Australia.

Andre populære land var Storbritannia og Tanzania.

Ubalanse
Tala bekymrar Næringslivets hovedorganisasjon (NHO), som er spesielt oppteke av to land: Tyskland og Kina. Tyskland var tidlegare utvekslingsland nummer éin, men ein må langt ned på listene til dagens studentar for å finne eit av Europas viktigaste land.

– Interessa står ikkje i stil med kor viktig Tyskland er for norsk næringsliv, seier kompetansedirektør i NHO, Are Turmo.

– Det er veldig viktig for norske føretak å kunne tilsetje studentar med den kompetansen eit utvekslingsopphold i Tyskland gjev. Dette gjeld ikkje berre språket, men òg den kulturelle kompetansen og nettverk ein elles ikkje får.

Det same gjeld Kina. Medan kompetanse innan kinesisk språk og kultur er stadig meir etterspurt, strøymer ikkje akkurat studentane til den veksande økonomien.

– At norske studentar dreg på utveksling til engelskspråklege land er positivt, men eg savner ein balanse, seier Turmo.

Følest tryggare
Ved UiB er det USA, Storbritannia og Australia som toppar lista, viser den ferske rapporten «Internasjonal mobilitet UiB 2010». Dei tre engelskspråklege landa tiltrakk seig til saman 45 prosent av alle som reiste på utveksling.

– Engelsk er eit språk dei fleste taklar. Det å føle ein tryggleik i tilhøve til språket er med på å forme beslutningane om der ein vil dra, seier Astri Andresen, viserektor for internasjonale relasjonar ved UiB.

Mange studentar som reiser til ikkje-engelskspråklege land, vel likevel å ta fag på engelsk. Dei vil difor få eit smalare tilbod og færre valmulegheiter enn dei som reiser til til dømes USA.

Òg Gunnar Grendstad, professor og koordinator for USA-studiar ved UiB, meiner språket spelar ei viktig rolle.

– Det er ein lågare terskel for å reise til eit stad der ein slepp å måtte lære seg eit nytt språk og nye kulturelle uttrykk.

– Har tilbodet
Medan 46 studentar frå UiB reiste til Tyskland i 2007, var tilsvarande tall i fjor 26.

– Vi har mange gode avtaler med europeiske land, som vi gjerne skulle sett at studentane brukte meir. Her går dei glipp av gode studietilbod, seier Andresen.

Ein måte å motvirke denne utviklinga på, er ifølgje Andresen at institutta lagar tilrådde studieløp for dei ulike fagmiljøene, noko fleire institutt allereie gjer. I tillegg peikar ho på at UiB prøver å få igang eit pilotprosjekt der studentane får høvet til å studere tysk ved sida av andre fag.

LES OGSÅ: Eitt år i utlandet – noko for deg?

Oppedal trur han har fått meir ut av opphaldet sitt i Tyskland enn om han hadde reist til eit engelskspråkleg land.

– Eg har fått høvet til å lære eit tredjespråk flytande. Samstundes fekk eg òg brukt mykje engelsk.

Han trur at Tyskland slit med eit imageproblem.

– Tyskland har kanskje ikkje det mest spennande biletet blant studentar i høve til land lengre vekke. Mange potensielle utvekslingsstudentar er prega av kjedeleg undervising og grammatikk frå vidaregåande.

LES SAKA I STUDVEST!