Eitt år som journalistar

– Ja, i starten var det skummelt, men eg har blitt tøffare og tøffare etter kvart, fortel Xin Li etter eitt år som journalist.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sommarferie og skulefri nærmar seg med stormskritt. Det vil også seia at dette er den siste Ung-sida i Sunnhordland for denne gong. Til hausten startar me opp att, då med ein ny redaksjon, og Birgitte Risnes tek over som redaktør.

– Eg likar å jobba som journalist og eg trur nok det vert svært interessant å vera redaktør, fortel Risnes, som er villig til å ta utfordringa med å gi råd og vera ein god leiar for den nye redaksjonen.
 
Mange oppgåver
Til hausten vil ein ny og frisk redaksjon ifrå medium og kommunikasjon starta opp att for å produsera nye sider med ungdomsstoff. Då er det deira rolle å finna tryllekunstnarar, hybel-buarar, lærlingar og andre intervjuobjekt som små og store lesarar kan ha glede av.

Silje Hauan har vore ein av dei som har kome med mange idear til saker. Ho har heile tida vore svært merksemd på ting som skjer rundt oss.

– Som redaktør har det bydd på mange ulike oppgåver. Å fordela saker, gjera research, kommunisera med avisa og passa på at alle gjer det dei skal er berre noko. Det har til tider vore svært hektisk, blant anna på grunn av at me har måtta brukt fritida vår på dette. I nokre tilfelle har me også vore nøydde til å kasta oss inn saker rett før deadline. Men alt i alt har dette vore ei flott erfaring, og ein smakebit frå det å verkeleg jobba i ein redaksjon.
 
Imøtekommande
Gjennom tida har me leita etter ungdom med saker som elles ikkje kjem fram i lyset. Meiningane deira er komen fram, og det er viktig at de held fram med å tipsa avisa om små og store hendingar slik at ungdom kjem gjennom i dagens samfunn. Enno er det nok mange ungdommar som har spanande fritidsinteresser, eller noko dei likar å gjera på utanom det vanlege. I byrjinga av året sleit ung-redaksjonen litt med å finna desse, og nokre gonger måtte Sunnhordland sjølv hjelpa oss med tips.

– Det skjer jo noko heile tida, men det kan vera vanskeleg å finna saker som ungdom kan ha interesse av å lesa, meiner Cecilie Fredheim. Ho opplevde det som svært skummelt å skulla intervjua folk i byrjinga, men då ho oppdaga at dei ho intervjua var svært imøtekommande, syntest ho det var litt lettare. Det hjelpte også mykje at ho hadde ei veninne med seg på intervjuet for å støtta.
 
Ny erfaring
I løpet av dette året har me opplevd mykje, og det å intervjua folk har vore ei heilt ny erfaring for mange. Chris Farestveit har gjort seg mange meiningar om korleis det har vore å intervjua andre.

– Saka om elevane på design og handverk på Fitjar var kjekk å laga. Dei brann for saka, så det var rett og slett fantastisk å intervjua dei då eg fekk så mykje stoff å skriva om, smiler Farestveit.

Xin Li synest også det var litt skummelt å gå bort til tilfeldige folk å intervjua dei for «5 på gata», men dette er noko ho har blitt tryggare på.

– Ja, i starten var det skummelt, men eg har blitt tøffare og tøffare etter kvart, fortel Xin. Ho forklarar at ein vert litt oppgitt om mange seier nei til å bli intervjua, men dette har også vore ein del av erfaringa.

LES SAKA PÅ SUNNHORDLAND.NO!