Medan vi ventar på Ragnvald Stake

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er berre å innsjå det. Norsk politikk blir aldri like underhaldande som amerikansk. I USA har ein politikar nylig innrømma å ha sendt bilde av kjønnsorganet sitt på twitter. Og denne mannen som spreier organet sitt på nettet heiter for sikkerheits skuld Weiner. Nesten Wiener.

Slikt skjer berre ikkje i Norge. Heller ikkje i denne valkampen kjem vi til å få oppleve at den lovande norske politikaren Ragnvald Stake held ein pressekonferanse der han gråtande innrømmer å ha tvitra upassande bilde. «Eg har såra alle eg bryr meg om,» hulkar Stake. «Eg vil be om unnskyldning til både Fru Stake og alle småstakane.»

Det kjem ikkje til å skje. For norske politikarar driv ikkje med slikt. Når norske politikarar tvitrar på nattestid, så går det mest i drapstruslar og rasisme. Og det er utrivelig på ein heilt annan måte.

Dessutan er det ingen norske politikarar som heiter Ragnvald Stake. Ikkje nesten ein gong. Eg har sjekka. Eg har brukt store deler av arbeidstida denne veka til å gå gjennom namna på fylkesleiarar og lokallagsleiarar og stortingsrepresentantar i dei norske partia. Og det er tynne greier. Arbeidarpartiet har ein fylkesleiar som heiter Rennestraum. Det er då noko. Eg er berre ikkje heilt sikker på kva. Nordland AP har ein som heiter Skjæran. Det kan bli ei artig oppfordring på fylkets eigen dialekt: Skjæran av! Senterpartiet har ein Tungesvik, som kan bli ei skildring av ein spesiell type utruskap om ein deler namnet på feil plass.

Men det er jo ikkje Wiener. Eller Ragnvald Stake. Eller Knut Anders Pølse.

Skulle høvet komme, noko det ikkje gjer, så må ein ty til meir desperate konstruksjonar som «Han drog fram heile støren» eller «viste fram heile hagen». Eller «Her er mitt folkevalde organ». Eller «Magnhild Meltveit Kleppa».

Det blir ikkje det same.

Derfor kjem også denne norske valkampen til å handle om det norske valkampar vanligvis handlar om: Frp.

Vi er i gang allereie. Siv Jensen blei sjukmeldt. Meiningsmålingane var dårlige. Nokon meinte at Carl I. Hagen burde steppe inn. Ekspertar meinte at Carl I. Hagen kunne gi Frp ein Drillo-effekt (noko som må bety at Carl I. Hagen skal skaffe Frp billige poeng trass i lite kreativitet på midten og store samarbeidsproblem på topp). Carl I. Hagen sa seg meir enn villig til å stille opp og gjekk heller langt i retning av å seie at det Frp manglar er Carl I. Hagen. Så følgde media opp med intervju og undersøkingar som viser at om ein berre spør dei rette folka på den rette måten, så er det full krise i Frp.

Slik kjem det nok til å halde fram. Snart kjem ein sommarlig djuprosa Carl I. Hagen til å gi eit større intervju der han beklager at han kan ha skada partiet og leiinga. Det var aldri hans ønske. Og han understreker at han gjerne vil delta aktivt i valkampen, men berre i bakgrunnen. Så går han over til å fortelje om nokre av dei tinga han kan tenke seg å gjere i bakgrunnen medan partileiinga frontar valkampen:

– Himle med auga.

– Le rått.

– Halde opp plakatar som viser dei beste meiningsmålingane frå Carl I. Hagens tid.

– Bue.

– Selje t-skjorter med teksten: «Man kan si hva man vil om Siv Jensen, men noen Carl I. Hagen er hun jo ikke».

Så vil journalistar ringe rundt i Frp og finne ut at viss du ringer rundt og masar lenge nok, så vil til slutt ein eller annan legge på i sinne, noko som er det same som eit grasrot-opprør.

Så vil ei ny undersøking i ei avis fortelje at heile 46% svarer nei på spørsmålet: «Synest du det er ein kanonidé å la Siv Jensen styre eit parti når ho ikkje eingong klarer å styre ein gammal mann?»

Så vil ein eller annan kommentator, som i likheit med dei fleste andre kommentatorane har skrive bok om Carl I. Hagen, seie at det er full krise i Frp, i tilfelle nokon spesielt tungnemme ikkje har fått det med seg.

Så vil Carl I. Hagen beklage ein gong til, på ein måte som audmjukar Siv Jensen totalt.

Så seier kommentatorane at folk kjem til å straffe Frp for dette kaoset.

Så begynner folk å meine at no får det vere nok hakking på Siv Jensen.

Og så gjer Frp sitt beste val nokon gong. Igjen.

Vi treng Ragnvald Stake. No.

 

 

Denne kommentaren stod først på trykk i Aftenposten 11. juni.