Draumar blei oppfylte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Draumen min er å skape og spele musikk på eit profesjonelt nivå. Musikk har blitt ein såpass stor del av kvardagen min, anten gjennom instrument, song eller komposisjon, at eg føler eit slags krav overfor meg sjølv til å utvikle han meir. I tillegg gjev han meg ei glede som ikkje kan samanliknast med noko anna, og eg har verkeleg lyst til å lære meir,» står det å lese i søknaden frå 20-åringen Joachim Schweder Grimstvedt frå Dalen.

Allsidig vinnar
Dette skuleåret har han vore elev ved Toneheim folkehøgskule i Hamar. Skulen har berre musikkline, og undervisinga dreiar seg mest om klassisk musikk eller jazz, i fylgje skulens heimesider.

Grimstvedt trakterar fleire instrument, men det er fiolin han har brukt mest tid på. Men også gitar og piano handterar han ved sida av å syngje og drive med biletkunst.

LES OGSÅ OM DEI 98 ANDRE VINNARANE!

«Ei av årsakene til at eg har valt å lære meg så mange forskjellige instrument, er at eg også likar å komponere musikk, og då føler eg at det er viktig å ha kunnskap i eit vidt spekter innan musikken. Eg har to timar med komposisjonslære i veka, og har til saman skrive og arrangert over 20 songar. Ikkje alle er ferdige, og ingen er spela inn endå. Sjangermessig har eg laga alt frå klassisk til balladar og heavy metal. Ein annan draum eg har er å gje ut ei CD-plate med min eigen musikk. I så fall ville eg også ha teikna kunsten til albumet sjølv, sidan teikning òg er ein av hobbyane mine. Draumestipendet kan vere med og realisere draumane mine ved å stø timar hjå privatlære, eller instrument og utstyr. Eg føler at det kan hjelpe til å bringe meg opp mot nivået eg håper å nå,» skriv Grimstvedt vidare i søknaden sin.

Han var svært oppteken då VTB ringte han onsdag, og hadde derfor ikkje høve til å kommentere den glade meldinga om at 10.000 kroner etter kvart kjem inn på konto.

Satsar på fiolinen
Håkon Aase frå Flatdal blei også nominert for sine musikalske evner. 19-åringen spelar fiolin, piano og slagverk.

«Ein av mine verkeleg store draumar er å få leve av og med musikk. Det er ein draum som ikkje kjem av seg sjølv eller som kan betalast med pengar. Han blir gradvis oppfylt med mykje øving, målretta arbeid og høge ambisjonar,» skriv Aase i søknaden.

– Eg må nok innrømme at eg har visst om Drømmestipendet ein månads tid no, men eg har i alle fall prøvd å halde tett om det, seier Håkon Aase.

Han går siste året på musikklina ved Skien vidaregåande skule, og til hausten skal han gå på folkehøgskule i Trondheim.

– Då blir det jazzlina ved Sund folkehøgskule. Det er nok fiolinen eg kjem til å satse mest på framover. Slagverk har eg rett og slett slått frå meg, ler den fornøgde vinnaren.

Tri nominerte vesttelar
– Og kva skal du bruke pengane på?

– Eg har vel alt bruka ein del av dei på utstyr, og året på følkehøgskule krev også sitt i høve til musikksatsinga så pengane har kome, og kjem godt med, svarar Håkon.

I sommar skal han ha fleire spelejobbar, mellom anna skal han vere med på Parkjazz i Skien.

– Då skal eg spele saman med syster mi, og det ser eg fram til. Elles er planen å utdanne meg vidare innan musikk etter året i Trondheim. Om det framleis blir i Trondheim eller ved Musikkhøgskulen i Oslo, får tida vise, avsluttar ein glad mottakar av Drømmestipendet 2011.

Stipendet får han neste onsdag kveld under kulturskulekonserten på Granvin i Seljord.

I tillegg til Grimstvedt og Aase, var også Eirik Aas Levang frå Fyresdal nominert frå Vest-Telemark.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

Faktaboks

Drømmestipendet
– Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping står bak Drømmestipendet.
– Drømmestipendet utdelast for åttande gong i år.
– Det delast ut 100 stipend à 10.000 kroner til enkeltpersonar eller grupper.
– Øvre aldersgrense er 20 år.
– Mottakarane skal ikkje vere etablerte kunstnarar.
– Landets kommunar kan innstille ein kandidat kvar.
– Totalt er det i år motteke 266 forslag på kandidatar.
Kjelde: www.drommestipendet.no