Dette er ein attraktiv kommune

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor er det nokon kommunar mistar innbyggjarar, medan andre får stadig fleire? Dette spørsmålet har Knut Vareide, forskar ved Telemarksforskning prøvd å finna svar på.

– Omdømme og fin natur betyr ikkje noko for kvar folk buset seg. Øvre Romerike er den styggaste regionen i landet, men det er samstundes den regionen som veks mest i folketal i landet, seier han.

Vestlandet veks av næringsvekst
I dag er det blitt viktigare å vera attraktiv for busetting enn for basisnæringar som industri og landbruk. Kort veg til Oslo eller andre store byar betyr høg folkevekst.

Handel, kultur og underhaldning blir stadig viktigare.

LES OGSÅ: – Bygda er det nye Gründerløkka

– I hovudsak veks Vestlandet på grunn av vekst og etableringar av bedrifter, medan Austlandet veks på grunn av bustadsattraktivitet, forklarar Vareide dei frammøtte på landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Må gjera meir
Som med det meste andre er det slik at ulikskapane veks. Dei som er attrative, blir meir attraktive.

– Ein mindre distriktskommune må vera høvesvis meir attraktiv enn ein større kommune, for å konkurrera om innbyggjarar og bedrifter, understrekar han. Vareide manar samstundes til tolmod:

– Kommunar kan påvirka attraktiviteten sin, men dette er på lengre sikt – over 10 til 20 år, seier Vareide.

Kva meiner du skal til for å skapa vekst og tilflytting til distrikta?

Faktaboks

Korleis bli attraktiv:
– Stimulera til meir bustadbygging
– Skapa sosiale møteplassar og senter – for eksempel kultur
– Støtte næringsutvikling også hjå nabokommunane (bedriftsvekst fører til fleire innbyggjarar i nabokommunane)
– Betre kommunikasjon for pendlarar
– Ta vare på innvandrarane (veldig vanskeleg å ha vekst i innbyggjartalet utan innvandrarar)

Les meir om Attraktivitetsbarometeret og Nærings-NM!