Har fjellbonden nokon framtid?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ordstyrar Knut Medhus inviterte sundag politikarar og bondeorganisasjonane til debatt om framtida for fjellbonden. Han ville vite kva fjellbonden skal leve av i framtida.

Utgangspunktet for debatten var utspel frå stortingspolitikar Per Olaf Lundteigen (Sp), som etter jordbruksoppgjeret gjekk ut og kritiserte si eiga regjering.

I tillegg til Lundteigen, møtte stortingspolitikar Trond Helleland (H), ordførar Torleif Dalseide (V), ordførar Erik Kaupang (Ap), kommunestyrerepresentant Tor Grøthe (Frp), og fylkestingsrepresentant Trond Johansen (KrF). Jordbruksnæringa var godt representert i panelet, med fleire politikarar som har gardbrukarbakgrunn.

I tillegg møtte Steingrim Roen for Bondelaget og Olav Randen for Bonde- og småbrukarlaget.

Samdrift har ikkje slått til
Steingrim Roen frå Bondelaget tok eit kraftig oppgjer med samdriftsmodellen. Samdrift og mjølkesamvirke har ikkje slått til, meinte han.

– Me har hatt ei kraftig omstilling i mjølkeproduksjonen, og talet på mjølkeprodusentar er halvert. Storstilt samdrift slik som i Hemsedal håpar eg ikkje blir trenden, sa han.

Lundteigen beklaga at styresmaktene hadde narra unge gardbrukarar til å satse på mjølkesamvirke.

– Dette er å basere næringsverksemd på dugnadsarbeid, sa han.

Kjekla om fortida
Samdriftsmodellen var eitt av to sentrale tema i debatten.

Sjølv om debatten skulle handle om framtida for fjellbonden, var det ikkje fritt for at politikarane i panelet brukte mykje taletid på å plassere ansvar hjå politiske motstandarar og kjekle om fortida.

Roen frå Bondelaget bad om føreseielege rammer i jordbrukspolitikken.

– Sponheim la opp til samdrift, mens dagens regjering strammar inn. Landbruket treng stabil styring, sa han.

Mangesysleri
Det andre store temaet i debatten dreia seg om utnytting av utmarksressursane.

Fjellbonden driv ikkje berre med husdyrhald og kjøtproduksjon. Debatten handla mykje om korleis politikken kan leggje til rette for mangesysleriet til fjellbonden.

Viss det skal vere interessant for neste generasjon å ta over og bli fjellbønder, trengst det ein politikk som gjev lønsemd i å drive med fôrproduksjon til husdyr, meinte Lundteigen.

– Fjellbonden har ei framtid, men ikkje viss han berre skal drive med grasproduksjon.

Fjellbonden treng støtte til å halde kulturlandskapet i hevd – det vil me ikkje fjerne.

LES OGSÅ: God matskikk

Men samstundes må fjellbonden kunne utnytte ressursane i utmarka meir enn i dag, sa Helleland (H), som ville lette på restriksjonar og reguleringsordningar for å gje bonden råderett over eigen grunn.

Jordbruk og reiseliv
Også Torleif Dalseide var oppteken av fjellbonden si rolle for å halde kulturlandskapet i hevd, og snakka om den tette koplinga mellom jordbruket og reiselivet i Hallingdal.

– Som bonde ser eg at mykje av det Lundteigen og Randen seier er ønskjeleg, men dessverre for naivt. Framtidas fjellbonde kan ikkje berre leve av å dyrke graset, sa han og peika på politisk motstandar, Tor Grøthe (Frp), som eit føredøme.

– Grøthe har gjort næring av å drive med sportsfiske. Fjellbonden må bli flinkare til å utnytte utmarka og byggje opp ulike nisjeprodukt, meinte han.

Spørsmål frå publikum
Ordstyrar Knut Medhus hadde henta inspirasjon frå interaktive TV-debattar, og inviterte sjåarane til å sende inn spørsmål til panelet på SMS.

Eitt av spørsmåla var korleis panelet stilte seg til framlegget om å etablere ein fjelljordbruksskule på Lien.

LES OGSÅ: Langstrakt mat

Framlegget fekk unison støtte i panelet, men både Lundteigen og Randen peika på at føresetnaden for å lykkast med å opprette ei utdanning, er at det er lønsemd i å drive med fjelljordbruk.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!