Får kritikk for lite nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er skuffande at NRK ikkje greier å oppfylla krava om nynorsk, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.

Allmennkringkastingsrapporten for 2010, som Medietilsynet la fram 6. juni, syner at NRK nok ein gong ikkje greier å nå måla som er sette. Nokre stader er det jamvel nedgang.

– Det har vore lova satsing og utviklingstiltak. No må NRK ta seg på tak og iverksetja gode tiltak. NRK har gode føresetnader for å greia dette, både gjennom medarbeidarane dei alt har, og ved å nytta Nynorsk mediesenter som kompetanseorganisasjon innanfor eiga verksemd. Ei av utfordringane ligg i få meir og betre nynorsk tekst på NRK.no, seier Rekve i ei pressemelding.

Får ros også
I rapporten konkluderer tilsynet med at NRK ikkje innfrir kravet om minst 25 prosent nynorsk i kvar kanal. NRK får likevel ros for å ha sett i verk mange tiltak for å gjera nynorsken meir synleg i kanalane. Martin Toft, leiar i Kringkastingsringen er glad for tiltaka.

– Eg set utruleg stor pris på at NRK har dyktige programleiarar som nyttar nynorsk, og at kanalen har viljen til å nytta nynorsk og dialekt i eigenproduserte kvalitetsprogram, som til dømes filmatisering av Vaffelhjarte som kjem seinare i år.

Treng målbare resultat
Toft saknar likevel målbare resultat, særleg etter at NRK har lova tiltak i år etter år:

– Vi treng ikkje berre god nynorsk, vi treng mykje nynorsk. Når Stortinget har fastsett kravet om 25 prosent nynorsk, er det fordi dei ser at nynorsk ikkje berre treng kvalitet, men òg kvantitet. NRK er einaste fjernsynskringkastaren som har eit spesifikt krav om kor
mykje nynorsk dei må nytta. Då er det særleg viktig at dei greier denne oppgåva.

Toft oppfordrar kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas til å leggja fram konkrete planar for korleis ein kan styrkja nynorskbruken i heile NRK.

Faktaboks

Nynorskdel:

NRK:
P1: 24 % (-2%)
P2: 17 % (-5 %)
P3: 22,5 % (-1,5 %)
NRK1: 18,2 %(-5,8%)
NRK2 20,4 % (+3,4%)
NRK3 17,6 % (+0,6 %)
NRKSuper 9,2 % (-6,8%)
Nrk.no: 17 % (?)

P4:
Reportarar: 9,4 % (+ 2,3 %)
Programleiarar: 3,3 % (- 2 %)

Sjå heile rapporten her!